<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Tokke Kommune Sentraladministrasjon 100% fast stilling som Miljøterapeut ved for tida Oppvekst, kultur og idrettsetaten frå 10.08.20 ID 655

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2220 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden. Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse. Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.
MILJØTERAPEUT ID 655
Tokke kommune, OKI-etaten, har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut frå 10.08.20.
Kommunen har to skular, Tokke skule og Høydalsmo skule, med høvesvis 195 og 65 elevar. Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane. Tokke deltek i statleg satsinga IBSM.
Miljøterapeuten vil arbeide opp mot både Høydalsmo og Tokke skule. Omfang på kvar av skulane vil variere gjennom skuleåret. Stillinga er organisatorisk lagt til Tokke skule.
Arbeidsoppgåver
• Det vil vera oppgåver knytt til det å jobbe med sosiale aktivitetar og skulemiljø for alle elevane på skulen..
• Det vil også vera oppgåver knytt til oppfylging av elevar med særskilde behov.
• Vera ein god støttespelar for elevar i skulekvardagen.
• Samarbeide med ulike team og aktører i skulen.
• Arbeide aktivt med skulemiljøet til elevane.
• Arbeide med ulike aktivitetar i fylgje årshjulet til skulen.
• I skulens feriar vil miljøterapeuten få andre oppgåver i etaten, relatert til born og ungdom.
• Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
• Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minst bachelor nivå (eks. vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog)
• Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
• Vi legg stor vekt på erfaring og at ein er eigna for stillinga.
Personlege eigenskaper
• Du likar å arbeide med ungdom.
• Er flink til å bygge relasjonar opp mot elevane.
• Du likar å arbeide i team/grupper og samarbeider godt.
• Du er fleksibel og har lett for å omstille deg.
• Du er robust og handterar utfordrande situasjonar.
• Du har godt humør.
• Kan ta initiativ og arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr:
Ein spanande og variert skulekvardag saman med flotte elevar og vaksne Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
Eit godt arbeidsmiljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor ved Tokke skule, Tone Lunde Skaalen, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon eller mob.: Logg inn for å se kontaktinformasjon
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no, menyval ledige stillingar.
Søknadsfrist: 5. mars 2020
Velkomen som søkjar!




Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Sosionom
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter

Se flere annonser

Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
05.05.2024 Kvinnherad
Vis alle 34.373 ledige stillinger

Fakta om Tokke Kommune Sentraladministrasjon