Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.
Oppfølgingsavdelinga har ansvar for eit effektivt og målretta objektsutval i samband med kontroll av grunnlagsdata, statistiske data, tollavgift, restriksjonar og ulovlege varer i den registrerte vareførselen og skal sjå til at regelverk og prosedyrar blir følgde. Avdelinga består av sju seksjonar: éin i Bergen, tre i Oslo, éin i Kongsvinger, éin i Drammen og éin i Tromsø.
Seksjonen i Bergen skal bidra til å oppnå avdelinga sitt mål ved å kontrollere deklarasjonar ved grensepassering og gjennomføre etterkontroll i verksemder.
Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie eininga i Bergen administrativt og fagleg. Seksjonen disponerer om lag ti årsverk. Du rapporterer til avdelingsdirektøren og inngår i leiargruppa i avdelinga.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- ha ansvar for eininga sine oppgåver innanfor kontroll av deklarasjonar og etterkontroll i verksemder
- bidra til samarbeid og vere kontaktpunkt for aktuelle samarbeidspartnarar
- ha fag-, personal- og resultatansvar
Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.
Kvalifikasjonskrav:
- bachelorgrad innanfor det relevante fagområdet. Bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
- relevant leiarerfaring. Det er ein fordel om dette er innanfor fagområdet.
Det er ønskjeleg med:
- erfaring med budsjett- og resultatansvar frå offentleg eller privat verksemd
- erfaring frå prioritering og styring av oppgåver og ressursar
Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.
Vi tilbyr:
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
- gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
- lønn som seksjonssjef, kr 750 000–850 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
- arbeidsstad sentralt i Bergen
Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.
Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295, stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635 eller avdelingsleiar Rolf-Ole Seljeflot på tlf. 976 99 791.