Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon8 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon27 Presentasjon av stillingen:
Måløy vidaregåande skule har omlag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, resturant- og matfag, teknikk-og industriell produksjon, IT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Vi søkjer etter lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse, og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for våre elevar. Det er mogeleg å kombinere ulike stillingar.
Heimeside:
Facebook:www.facebook.com/Maloyvgs/ og www.facebook.com/Simsafety.no/
Arbeidsoppgåver
Måløy vidaregåande skule har ledig 50% fast undervisningsstilling ved Vg1 - medieproduksjon.
Kvalifikasjonar
- Relevant yrkesfagleg utdanning
- Høgskuleutdanning/universitetsutdanning
- Kompetanse innan programmering, IT-drift og mediefag.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein engasjert lærar som har evna til å motivere og bygge gode relasjoner til elevane. Skulen er oppteken av god undervisnings- og vurderingspraksis. Vi har fokus på at elevane skal få gode framovermeldingar i faga. Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha god struktur på undervisninga og utarbeide oversiktlege arbeidsplanar. I tillegg har vi ei forventning om stor samarbeidsvilje og evne, både i fagteamet og kollegiet elles.
Vi tilbyr
- eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- nært samarbeid med kolleger
- god delingskultur
- mentor til nye lærarar
- ved manglande pedagogisk utdanning vert det lagt til rette for å gjennomføre praktisk pedagogisk utdanning
Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
Gode forsikrings-og pensjonsordninger.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Åsta Navelsaker Røed, rektor , Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Nordfjordevegn 9109
6718 Deknepollen
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon27Stillingsprosent: 50%FastStartdato: 01.08.2020Søknadsfrist: 10.06.2020