Norconsult AS har eit av dei største fagmiljøa i Noreg og Skandinavia innan arkitektur. For å dekkja den lokale etterspurnaden søkjer me etter nye medarbeidarar.
Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.
Me har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med andre Norconsultkontor. Me har arbeidsstader i Odda, Eidfjord, Rosendal og på Voss. Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland. Me søkjer etter ein kreative og engasjerte arkitektar med fagleg engasjement og arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver:
Planlegging og prosjektering av alle typar arkitektoppdrag, frå store offentlege til mindre private bygg
Illustrasjonar og presentasjonar
Byggdetaljar og spesifikasjonar
Utarbeiding av konkurransegrunnlag
Prosjekt- og oppdragsleiing
Synfaringar og oppfylging på byggeplass
Kontakt/kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne
Marknads- og tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
Har mastergrad i arkitektur
Har stort fagleg engasjement og interesse for planlegging av våre fysiske omgjevnader
Er open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
Har kunnskap innan digitale verktøy og 3D modellering/ BIM; ArchiCad/Revit
Er positiv og kreativ
Har god evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk
Hjå oss får du:
Gode løns- og arbeidsvilkår
Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
Innsending av søknad:
Ta gjerne uforpliktande kontakt med avdelingsleiar Ivar Tveito Eidnes tlf. 988 18 456. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.
Norconsult er Noregs største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er heileigd av våre over 4 400 medarbeidarar som er stasjonert på 113 kontor i heile verden. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.