Org.nr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon2 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Om stillinga
Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for oppgåver innan plan og utvikling, drift og tekniske tenester, teknisk forvaltning og prosjekt/eigedom. Under sektoren ligg og oppgåver knytt til klima og miljø.
Som vår nye leiar for VA og veg får du ei sentral rolle i å drifte og utvikle fagområda. Vår nye leiar må ha eit sterkt engasjement for fagområda og fokus på å levere best mogleg kvalitet til innbyggarane våre.
Avdelinga har det totale driftsansvar for vatn, avlaup og vegdrift. Pr. i dag er det fem personar som arbeidar med drift av kommunen sitt vatn- og avlaupssystem og drift av dei kommunale vegane. Leiar for vann, avlaup og veg har fag-, økonomi-, personal- og resultatansvar for VA/veg. Avdelinga har eit veldig godt og stabilt miljø. Arbeidsoppgåver blir ofte løyst på tvers og i samarbeid med andre einingar.
Eininga har vaktordning. Leiar er ikkje ein del av denne ordninga. Vi har eit godt regionalt samarbeid med Bergen Vann, DIHVA og Mattilsynet. Stillinga skal arbeide for samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar og ha kundefokus.
Leiar har ansvar for kommunen sine utbyggingsprosjekt innan VA.
Til stillinga er det knytt eit samarbeid med resten av sektoren, spesielt mot teknisk forvalting og drift/vedlikehald (vaktmeistrar). Vi har etablert ei leiargruppe for drift der VA/veg, reinhald, vaktmeistre og brann/redning deltar og samarbeider om å løyse oppgåvene. Stillinga er ein del av den strategiske leiargruppa i sektoren, og rapporterer til sektorleiar for samfunnsutvikling. Leiar skal bidra i tenesteutviklinga på tvers av område samfunnsutvikling.
Vi søkjar ein leiar som vil styrke arbeidet med VA/veg og vidareføre utbyggingsarbeid som er i gong. Vi ser etter deg som har kundefokus og som kan gjennomføre utbyggingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver:
- Kommunikasjon med eksterne aktørar
- Personalleiar for 5 personar
- Budsjett- og økonomiansvar
- Prosjektleiing
- Ros og beredskap VA
- Saksbehandling
- Dagleg driftsansvar for VA og veg
Kvalifikasjonskrav:
- Utdanning som VA-ingeniør. Anna relevant utdanning og/eller erfaring kan og vurderast.
- Erfaring frå arbeid innan VA området
- God digital kompetanse.
Vi søkjer etter ein leiar som
- Har gode samarbeidseigenskapar
- Er løysningsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
- Eit givande arbeid saman med dyktige medarbeidarar.
- Rettleiing og fagleg samarbeid.
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Link til søknadsskjema:For mer informasjon kontakt: , Berit Karin Rystad, Tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon