<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Haukeland universitetssjukehus Seksjonsleiarar Lungeavdelinga

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon29 Presentasjon av stillingen:

Har du lyst til å bli seksjonsleiar i eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar?

Tidligare leiar ved Lunge post 1 og post 3 går over i ny stilling i avdelinga, og det blir derfor ledige stillingar ved desse seksjonane. Det er også ei ledig stilling som seksjonsleiar i Lunge poliklinikk.

Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdomar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt. Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med årleg rundt 2500 avdelingsopphald (døgn- og dag) og ca. 22000 ambulante konsultasjonar. Gjennom eit tett samarbeid med universitet og høgskule bidrar avdelinga til høg forskingsaktivitet og fagutvikling. Avdelinga er organisert i 14 forbetringsteam som driv prosjekt gjennom året, der seksjonsleiarene deltek med supervisjon.

Post 1har totalt 16 sengeplassar fordelt på to team med 8 sengeplassar til respiratorisk overvakingseining (ROE) og 8 lungemedisinske senger - KOLS-team. Fra og med januar 2021 skal Lunge post 1 øke fra 8 til 12 overvåkningssenger. ROE skal vere leiande innan utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Sengeposten har tett samarbeid med dei andre kirurgiske og medisinske intensiv- og overvakingseiningene ved sjukehuset. KOLS-teamet har hovudfokus på pasientar med KOLS, astma og infeksjonssjukdomar.

Post 3har 20 lungemedisinske sengeplassar fordelt på to team. Eit team har hovudfokus på lungekreft og palliativ lungemedisin, og eit team arbeider med infeksjonssjukdommar, KOLS og tuberkulose. I tillegg behandlar vi mellom anna pasientar med pneumothorax, cystisk fibrose, lungefibrose, sarkoidose og lungeemboli. Posten har eit luftsmitteisolat med undertykk og sluse for utreiing og behandling av pasienter med særleg smitteførande lungeinfeksjoner.

Poliklinikk.Lungeavdelinga har ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdomar (SOVno) og Nasjonal kompetanseteneste for heimerespiratorbehandling (NKH) er knytt til avdelinga. Lungepoliklinkken har og eit stort respirasjonsfysiologisk laboratorium og ei undersøkingseining med eit høgt tal prosedyrer dagleg. Nasjonal behandlingsteneste for brakyterapi er lagt til avdelinga. Andre avanserte prosedyrer som luftvegsstenting, kryoterapi, bronkial termoplastikk og laserbehandling er eit tilbod til heile regionen.

Vi søkjer seksjonsleiarar som er pådrivarar for effektiv drift med høg kvalitet, og som er opptekne av å vidareutvikle avdelinga i tråd med helsepolitiske føringar og sjukehuset sine mål. Som seksjonsleiar vil du rapportere til avdelingsdirektør Sverre Lehmann, og du blir del av leiargruppa ved Lungeavdelinga.

Det er viktig at søkjer spesifiserer kva seksjon ein søkjer stilling ved.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskaps- og resultatsansvar; økonomi, personal, fagleg utvikling
  • Kompetansebygging
  • Samarbeid med sideleiar og seksjonsoverlege
  • Seksjonsleiar er del av leiargruppa ved Lungeavdelinga og er med på å leie, og forme strategien for avdelinga
  • Driftsansvar for alle yrkesgrupper knytta til drift ved seksjonen
  • Samhandling eksternt og internt
  • Ansvar for arbeidstidsplanlegging
  • Dokumentasjon og evaluering av verksemda
  • Supervisjon av kvalitetsforbetringsteam

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring eller gode leiareigenskapar er ein fordel
  • Formell leiarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Relevant sjukehuserfaring og erfaring frå arbeid med lungesjuke pasientar er ønskjeleg
  • Gode datakunnskapar
  • Sjukepleiar må ha norsk autorisasjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Utdanningsretning

  • Sjukepleie
  • Organisasjon/administrasjon/leiing

Utdanningsretning

  • Sjukepleie videreutdanning
  • Sjukepleie

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Mål- og resultatorientert
  • Pasientorientert
  • God gjennomføringsevne og evne til å arbeide strukturert
  • Stor arbeidskapasitet
  • Pådrivar i utvikling av seksjonen og avdelinga
  • Toler å stå i krevjande situasjonar saman med medarbeidarar
  • Gode kommunikasjonferdigheiter og evne til å motivere og lytte
  • Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Samarbeidsvillig og fleksibel
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Leiarstilling med moglegheiter for fagleg- og leiarutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Sverre Lehmann, Avdelingsdirektør, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Solveig Margrethe Dale , Assisterande avdelingsdirektør, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Søk på stillinga:

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon29 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.12.2020





Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir påwww.helse-bergen.noeller facebook.

Les mer om Haukeland universitetssjukehus

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Team Manager
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Sykepleierstudent
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 29.964 ledige stillinger

Fakta om Haukeland universitetssjukehus