Me har ledig
Årdal kommune har fått midlar til ei stilling som miljøvaktmeister knytta mot brukarar som av ulike grunnar har særlege behov for oppfølging i bustaden sin.
Dette er ei prosjektstilling og gjeld førebels i 3 år.
Stillinga er administrativt knytta til NAV Årdal.
NAV Årdal har ansvar for personar som grunna rus og/eller andre utfordringar har særleg behov for oppfølging i bustaden sin. Oppfølginga vert gjort i samarbeid med andre kommunale tenesteområder.
Årdal kommune vil tilsetta ein person som ser etter spennande utfordringar og har eit stort engasjement for arbeidsoppgåvene i denne stillinga. Me tilbyr ein utfordrande og variert kvardag der du får vere med å utvikle ei ny og spennande teneste i tett samarbeid med bebuarar/brukarar og kommunale tenesteområde. Dette vert gjort i samarbeid med andre kommunale tenesteområder.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil bl.a.vere:
-Utføre enkle reparasjonar
-Relasjonsbygging med brukarane og utføre diverse oppgåver saman med dei
-Inn- og utflytting, før- og etterbefaring av bustadar
Vere ei støtte for å ivareta brukaren sine forpliktelsar, slik som:
-Økonomi
-Orden, ryddigheit og reinhald
-Anna ivaretaking av bustaden
-Vere ei støtte i samhandlinga med andre offentlege etatar og tenesteområde
-Samhandle og samarbeide med Årdal kommune sine tekniske tenester/FDV om utføring av reparasjonar og vedlikehald av kommunale bustader
Kvalifikasjonskrav
Formell bakgrunn:
-Byggteknisk kompetanse og/eller sosialfagleg kompetanse
-Førarkort klasse B
-Beherske IKT (data) som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
-God på relasjonsbygging, kommunikasjon og evne til å bygge tillit
-Sjølvstendig og trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar
-Kreativ og praktisk anlagt
-God gjennomføringsevne
-God samarbeidsevne og fleksibilitet
-Strukturert,tydelig og evne til å jobbe målretta
Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter etter hovedavtalen ( HTA ), etter utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Andre opplysningar
Innan helse-og omsorgstenestene oppmodar Årdal kommune spesiellt menn om å søke.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Adresse: Helse