Forskar innan lakselus
Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei midlertidig stilling som forskar innan lakselus.
Stillinga er finansiert av eksterne middel frå forskingsprosjektet FreshNet II, og har ein varigheit på 20 månadar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Forskarstillingen er på FreshNet prosjektet, som er eit samarbeid med ein FoU konsesjon der kontroll av lakselus med kunstig brakkvatn/ferskvatn er eit hovudtema. Denne aktuelle stillinga har fokus på å forstå osmoregulering hos lakselus og effekten behandling av lakselus med brakkvatn/ferskvatn har. Sentralt i prosjektet vil vera labforsøk med lakselus kombinert med molekylærbiologiske studiar for å vidare studere korleis lakselus osmoregulerar. Ein vil og nytta RNAseq til å kartlegge effektar ulike salinitetar har på lakselus. Erfaring frå arbeid med lakselus er naudsynt. Det kan og vera aktuelt å arbeide på andre prosjekt når det er kapasitet til dette.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi eller molekylærbiologi.
- Erfaring med arbeid med lakselus er eit krav.
- Godkjenning for å kunne gjennomføre forsøk med fisk er eit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Erfaring med internasjonalt samarbeid vil vera ein føremon.
- Norskkunnskapar er ein føremon.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Særleg aktuelt er tidlegare erfaring med lakselus, analysar av RNAseq data og RNAi. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på brei røynsle innafor nemnde arbeidsområde.
Vi kan tilby
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 526 000. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode
Søknaden skal innehalde
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Frank Nilsen ved Institutt for biovitenskap, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen.