Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon34 Presentasjon av stillingen:
Me søker ein kombinasjon av byggdriftar og lærar i 100 % fast stilling ved Vardheia ungdomsskule (omlag 50-50 fordeling). Vardheia ungdomsskule er ein heilt ny skule i Time kommune. Skulen er eit samarbeid mellom Klepp og Time og kjem til å ha elevar frå begge kommunane.
Vardheia ungdomsskule er bygd for å vera i tråd med samfunnsutviklinga og innhald i ny læreplan. Han skal stimulera til aktive og skapande elevar i eit flott inne- og utemiljø. Skulen er bygd for praktisk og skapande arbeid med kreative soner og lokalitetar for ulike arbeidslivsfag, innan for eksempel metall/mekaniske fag, trefag og kokk/servitør med inspirasjon frå vidaregåande skule. Skulen har eige kreativt rom for spelbasert læring og ein læringslab der elevane kan samarbeida på tvers.
Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Vardheia ungdomsskule vil vera i leiarnettverket med Varhaug ungdomsskule, Frøyland ungdomsskule, Bore ungdomsskule og Gjesdal ungdomsskule.
Skulen ligg sentralt på Bryne med gangavstand til offentleg transport.
Arbeidsoppgåver
Byggdriftar:
-drift og vedlikehald av kommunale bygg
- rapportering
- internkontroll
Lærar:
undervisa innen fag der du er kvalifisert for, hovudsakleg arbeidslivsfag eller praktiske-estetiske fag
vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som vert initiert av leiing og tilsette.
Kvalifikasjonar
krav om utdanning/fagbrev innan tekniske fag
krav om praktisk pedagogisk utdanning (PPU) eller annan godkjend, pedagogisk utdanning
erfaring frå byggdrift/tekniske anlegg
gode kunnskapar i bruk av dataverktøy-SD-anlegg, FDV-program, Excel og outlook
må ha førarkort kl B - ønskeleg med BE og C1
Personlege eigenskapar
gode evner til planlegging og oppnå resultat
god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.
lika å vera i et eit hektisk miljø saman med ungdom
kunna arbeida sjølvstendig
må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg
løysingsorientert og serviceinnstilt
eigna for stillinga
Me tilbyr
Moglegheit til å vera med å bygga opp ein heilt ny ungdomsskule, der kreative, praktiske, digitale og skapande arbeidsmetodar står i fokus. Vera driftsteknikar på ein heilt ny og moderne skule
- godt arbeidsmiljø
- positive og flinke medarbeidarar
- trygg arbeidsplass
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- lønn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Eirik Jåtten, Rektor, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidssted
Nordlysvegen 10
4340 Bryne
Søk på stillingen:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time kommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon34
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 07.02.2021