Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon4 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon10 Presentasjon av stillingen:
Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar, og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus. Vi driv med portørtenester, forsyningstenester og varemottak. Vi lagar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Vi reingjer tekstilar og senger, utfører det daglege reinhaldet og andre reinhaldstenester. Vi driv og eit kurs- og konferansesenter, sikkerheitstenester og bemannar sentralbordet.
Kvar sommar treng vi flinke og engasjerte sommarvikarar til å oppretthalde dagleglivet i sjukehuset. Vi søkjer no sommervikarar til Hospitadrift Reinhald.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, nedvask (hovudreinhald), smittevask og produksjon av reine senger.
Søkjarar må ha fylt 18 år innan oppstart i sommarjobben og må kunne jobbe samanhengande i minimum 4 veker. Ferieperioden i Hospitaldrift Reinhald strekk seg frå veke 25-34. Du må oppgi når du kan jobbe , og dei søkjarane som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte .
Hospitaldrift Reinhald har turnusarbeid, hovudsakleg på ettermiddag, kveld og helg. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig.
Førarkort er nødvendig i nokre av stillingane.
Vibecke H E Nilsen, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon10 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 01.04.2021
Tiltredelse | Stillingstype | |
---|---|---|
Etter avtale | Fast ansettelse, Heltid | |
Arbeidssted | Yrker | Fagområder |
Bergen | Ikke oppgitt | Ikke oppgitt |
Arbeidserfaring | Utdanningsnivå | Bransjer |
Se annonsen | Se annonsen | Ikke oppgitt |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Les mer om Hospitaldrift Reinhald søkjer sommarvikararSe stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.
Du kan legge til et personlig notat (kun synlig for deg)
Vi sender deg stillinger som dette automatisk (basert på Yrke(r), Fagområde og Sted i annonsen)