Sentrum tannhelseområde har ledig 100% fast stilling for tannhelsesekretær frå 01.03.2021.
Tenestestad er for tida Sørås tannklinikk. Sørås tannklinikk er ein lys og triveleg tannklinikk, som ligg sentralt nær bybanestoppet på Lagunen kjøpesenter. Klinikken har 10 behandlingsrom, 3 for tannpleiarar og 7 for tannlegar.
Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som blir tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Steinsvikvegen 432
5239 Rådal
Søk på stillinga:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon29Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.03.2021Søknadsfrist: 05.03.2021
Tiltredelse | Stillingstype | |
---|---|---|
Etter avtale | Fast ansettelse, Heltid | |
Arbeidssted | Yrker | Fagområder |
Bergen | Tannhelsesekretær | Ikke oppgitt |
Arbeidserfaring | Utdanningsnivå | Bransjer |
Se annonsen | Se annonsen | Ikke oppgitt |
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter -- TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Les mer om Vestland tannhelseteneste - Sørås tannklinikkSe stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.
Du kan legge til et personlig notat (kun synlig for deg)
Vi sender deg stillinger som dette automatisk (basert på Yrke(r), Fagområde og Sted i annonsen)