Multiconsult Norge AS avdeling Stord er i vekst, og me ønskjer å styrke vår kompetanse innan VVS-teknikk. Me ser difor etter ein rådgjevande ingeniør for VVS, master eller bachelor innan energi og miljø. Det er ein fordel om du er etablert i Sunnhordland.
Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit veldrive kompetansenettverk med samkøyrte fagområde som er i front på alt frå digitale arbeidsprosessar til prosjektgjennomføring.
Multiconsult har i fleire undersøkingar vist seg å vere ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarar i bransjen, både blant studentar og erfarne. Er du nysgjerrig på kvifor?
ARBEIDSKVARDAGEN I EI AV DEI MEST ATTRAKTIVE RÅDGJEVARVERKSEMDENE I NOREG
I rolla som VVS-ingeniør vil du kunne ta del i store, komplekse og tverrfaglege prosjekt innan bygg og anlegg og landbasert akvakultur.
Hos oss vil du få vere med og vidareutvikle vårt VVS-miljø. Vidare ønskjer me å leggje til rette for at du får ein arbeidskvardag med utviklande og interessante arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling. I Multiconsult har me eit utstrakt fagleg samarbeid på tvers av kontora våre for å gjere nytte av dei beste tilgjengelege løysningane til ei kvar tid.
Dine arbeidsoppgåver vil hovudsakleg vere knytt til prosjektering og rådgjeving for våre offentlege og private kundar. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
KVA ØNSKJER ME AV DEG
BLI EIN DEL AV MOGLEGGJERINGSKULTUREN I MULTICONSULT
Mogleggjeringskulturen i Multiconsult handlar om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetjing. Kanskje er det akkurat deg me treng på laget?
Er du ein person med gode samarbeidseigenskapar som likar å jobbe i tverrfagleg team? Har du eit brennande fagleg engasjement, samt interesse og forståing for andre involverte fagområde? Da kan det vere akkurat deg me leiter etter.
KVA MEIR KAN ME TILBY DEG?
LITT MEIR OM OSS
Multiconsult avdeling Stord er det største rådgjevarmiljøet mellom Bergen og Stavanger. Me tilbyr rådgjevartenester til privat og offentleg sektor, med hovudtyngde innan industri og bygg- og eigedom. Me er om lag 50 medarbeidarar på Stord, som arbeider med over 10 ulike fagområde.
Er du den rette for jobben? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, me handsamar søknader fortløpande, og gler oss til å høyre frå deg!
For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Alf Egil Hollund, gruppeleiar VVS, tlf 45 21 08 11 eller Steinar Kjerpeseth, seksjonsleiar bygg og industri, tlf 99 24 37 90.
Kontaktpersoner:
Steinar Kjerpeseth
Seksjonsleder Bygg og Industri
99243790
steinar.kjerpeseth@multiconsult.no
Tiltredelse | Stillingstype | |
---|---|---|
Etter avtale | Fast ansettelse, Heltid | |
Arbeidssted | Yrker | Fagområder |
Stord | Sivilingeniør / Ingeniør Energi- og miljøingeniør Ingeniør - VVS | Teknologi og ingeniørfag |
Arbeidserfaring | Utdanningsnivå | Bransjer |
Se annonsen | Bachelorgrad eller tilsvarende Mastergrad eller høyere | Olje / Gass / Energi / Kraft Bygg / Anlegg / Entreprenør Konsulenttjenester: Ingeniør / Teknisk (4) vis alle |
Multiconsult er et av Norges og Nordens ledende miljøer innen prosjektering og rådgiving. Med røtter tilbake til 1908 har selskapet hatt en sterk innvirkning på Norges utvikling og økonomiske vekst. Ved hjelp av våre dyktige medarbeidere tilbyr selskapet multifaglig rådgiving, design, prosjektering, prosjektoppfølging, ledelse, verifikasjon og kontroll - både nasjonalt og internasjonalt.
Multiconsults virksomhet er delt inn i seks ulike forretningsområder:
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.
Du kan legge til et personlig notat (kun synlig for deg)
Vi sender deg stillinger som dette automatisk (basert på Yrke(r), Fagområde og Sted i annonsen)