Søknadsfrist: 30 april 2021
Me har ledig vikariat som kulturskulelærar i slagverk, Oppvekst-, kultur- og idrettsetaten - kulturskulen, inntil 25 % stilling frå 01.08.21 -- 31.07.22.
Informasjon om Tokke kommune, sjå www.tokke.kommune.no
Tokke kulturskule
Kulturskulen har som mål å bli ein aktiv og synleg kulturskule, og å fungere som ein viktig ressurs og kompetansesenter for kultur i kommunen. Kulturskulen har små og store arrangement og konsertar gjennom heile året. Tokke kulturskule har i dag omtrent 150 elevar fordelt på disiplinane gitar, piano, song, korps, slagverk, dans, visuell kunst og digitale uttrykk.
Lærar i slagverk
Som lærar i slagverk har du ansvaret for enkelttimar og gruppeundervisning i slagverk. Oppfølging av elevar ved konsertar og andre arrangement i regi av kulturskulen.
Som lærar i kulturskulen må du ha eit bevisst forhold til di rolle som profesjonsutøvar: pedagog, utøvar, leiar av små og store grupper, organisator, prosjektleiar, koordinator, inspirator, kulturberar og kollega.
Personlege eigenskaper
Fleksibel og omgjengeleg
God menneskekunnskap
Samarbeidsvillig og ha endringsvilje og kompetanse
Kompetansekrav for tilsetting i kulturskulen
Høgare kunstfagleg utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag eller faglærarutdanning med minimum 120 studiepoeng
- søkarar som ikkje tilfredsstiller desse krava kan tilsettast om tilsvarande realkompetanse eller utdanning kan dokumenterast
Praktisk pedagogisk utdanning er ynskjeleg
Erfaring frå undervisning/ pedagogisk arbeid
Må ha førarkort og disponere eigen bil
Erfaring med korps-perkusjon og notelesing er ynskjeleg
Personleg eigenheit vil bli vektlagt
Me kan tilby
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tilsetjingstilhøve etter gjeldande avtaleverk
Godt fagleg arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.Denne må ikkje vere eldre enn 3 månadar.
Elektronisk søknad: www.tokke.kommune.no
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor i kulturskulen, Jan Olav Hemsing, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon
Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn
Velkomen som søkjar!
Adresse: Tokke kommune