<  
>  
Stillingsannonse

Vi søker marknadsførar/seljar Framtidsfylket

Søknadsfrist : 15.05.2021
Forelska i Vestland? Vil du prate om crushet ditt til alle du møter?

Då er du kanskje den vi ser etter. Som digital marknadsførar/seljar i Framtidsfylket vil du ha ei sentral rolle i å få fleire til å crushe på Vestland <3

Framtidsfylket jobbar med å løfte fram ein av Norges mest spennande og framtidsretta arbeidsregionar. Målet er at fleire skal oppdage at Vestlandslivet er .... livet, og søke jobb her! Som vi så stolt seier: For nokre handlar det gode liv om karriere, for andre om fritid. Og så er det vi som vil ha begge deler.

Etter at Sogn og Fjordane + Hordaland = Vestland, bestemte vi oss for å satse i heile storfylket. Derfor ønsker vi oss fleire engasjerte medarbeidarar som kan sette ny kurs for rekruttering til fylket.

Digital marknadsførar / seljar

Du vil jobbe med direkte og digitalt salsarbeid og ha ansvar for at våre tenester og produkt får eit løft. Di viktigaste oppgåve blir å skape engasjement rundt arbeidsliv i fylket, både blant kundar og jobbsøkarar.

Framtidsfylket har oppgåver knytt til:

  • Traineeprogram
  • Karrieremesse
  • Jobbportal
  • Kommunikasjon
  • Rådgiving til næringslivet
Arbeidsoppgåver

Du vil hovudsakleg jobbe med

  • Sal og kundekontakt
  • Digital marknadsføring
  • Kampanjearbeid i samarbeid med kollegaene
  • Marknadsplan
  • Event
Kvalifikasjonskrav
  • Du har gjerne erfaring frå sal
  • Du trivst med kundekontakt
  • Du kan annonsering i SoMe og Google
  • Du har kompetanse om SEO
  • Du blir gira av performance marketing
  • Nynorsk er ditt val som skriftspråk
  • Relevant utdanning
Om deg

Om du er ei skravlebøtte eller av den stille typen er ikkje så viktig. Vi ser etter ein person med rett kompetanse som kan få tenning på arbeidslivet i Vestland og verdien av å synleggjere det. Hos oss blir du ein av fire som elskar vestlandslivet – og likar å fortelje om det.

Vi tilbyr

Fri arbeidsplass

Kanskje trivst du best i eit pulserande kontorlandskap, kanskje jobbar du best på heimekontor? Vi ønsker at kontorpulten din står i Odda, men for den rette personen kan vi vurdere Førde som kontorstad. Du må uansett berekne ein del reiseaktivitet, både for å besøke kundar, kommunar og kollegaer. Heime- eller utekontor er alltid eit alternativ.

Fri ferie og fleksitid

Jobben skal ikkje stå i vegen for at du skal ha ei god fritid eller få familielivet til å fungere. Så lenge du leverer og ditt ansvar er ivaretatt, er det fritt fram for å nyte den éine soldagen på Vestlandet, ta haustferie i februar eller realisere draumen om å bli trapeskunstnar.

Trening i arbeidstida

For at du skal trivast, dyrke kreativiteten og prestere, er det lurt å røre litt på seg. Vi er kanskje den einaste arbeidsplassen som har pålagt trening i arbeidstida?

Fagleg utvikling

Det er både fint og nyttig å lære noko nytt. Difor set vi av tid til fagleg utvikling og kompetanseheving.

Velkommen til oss

Vi håpar du er på plass etter sommarferien, full av energi, d-vitaminar og arbeidslyst. 

Obs: Stillinga er i første omgang eit ettårig engasjement, med rom for forlenging.



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Les mer om stillingen, fakta og søknadsprosess

Klar for å oppdage arbeidsliv i Vestland?
Vestland fylke byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på arbeidsmarknaden, og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket.

Her kan du lese historiene til andre unge mennesker som har valt ei karriere i Sogn og Fjordane

 

Les mer om Framtidsfylket

Stillingsbeskrivelse

Forelska i Vestland? Vil du prate om crushet ditt til alle du møter?

Då er du kanskje den vi ser etter. Som digital marknadsførar/seljar i Framtidsfylket vil du ha ei sentral rolle i å få fleire til å crushe på Vestland <3

Framtidsfylket jobbar med å løfte fram ein av Norges mest spennande og framtidsretta arbeidsregionar. Målet er at fleire skal oppdage at Vestlandslivet er .... livet, og søke jobb her! Som vi så stolt seier: For nokre handlar det gode liv om karriere, for andre om fritid. Og så er det vi som vil ha begge deler.

Etter at Sogn og Fjordane + Hordaland = Vestland, bestemte vi oss for å satse i heile storfylket. Derfor ønsker vi oss fleire engasjerte medarbeidarar som kan sette ny kurs for rekruttering til fylket.

Digital marknadsførar / seljar

Du vil jobbe med direkte og digitalt salsarbeid og ha ansvar for at våre tenester og produkt får eit løft. Di viktigaste oppgåve blir å skape engasjement rundt arbeidsliv i fylket, både blant kundar og jobbsøkarar.

Framtidsfylket har oppgåver knytt til:

  • Traineeprogram
  • Karrieremesse
  • Jobbportal
  • Kommunikasjon
  • Rådgiving til næringslivet
Arbeidsoppgåver

Du vil hovudsakleg jobbe med

  • Sal og kundekontakt
  • Digital marknadsføring
  • Kampanjearbeid i samarbeid med kollegaene
  • Marknadsplan
  • Event
Kvalifikasjonskrav
  • Du har gjerne erfaring frå sal
  • Du trivst med kundekontakt
  • Du kan annonsering i SoMe og Google
  • Du har kompetanse om SEO
  • Du blir gira av performance marketing
  • Nynorsk er ditt val som skriftspråk
  • Relevant utdanning
Om deg

Om du er ei skravlebøtte eller av den stille typen er ikkje så viktig. Vi ser etter ein person med rett kompetanse som kan få tenning på arbeidslivet i Vestland og verdien av å synleggjere det. Hos oss blir du ein av fire som elskar vestlandslivet – og likar å fortelje om det.

Vi tilbyr

Fri arbeidsplass

Kanskje trivst du best i eit pulserande kontorlandskap, kanskje jobbar du best på heimekontor? Vi ønsker at kontorpulten din står i Odda, men for den rette personen kan vi vurdere Førde som kontorstad. Du må uansett berekne ein del reiseaktivitet, både for å besøke kundar, kommunar og kollegaer. Heime- eller utekontor er alltid eit alternativ.

Fri ferie og fleksitid

Jobben skal ikkje stå i vegen for at du skal ha ei god fritid eller få familielivet til å fungere. Så lenge du leverer og ditt ansvar er ivaretatt, er det fritt fram for å nyte den éine soldagen på Vestlandet, ta haustferie i februar eller realisere draumen om å bli trapeskunstnar.

Trening i arbeidstida

For at du skal trivast, dyrke kreativiteten og prestere, er det lurt å røre litt på seg. Vi er kanskje den einaste arbeidsplassen som har pålagt trening i arbeidstida?

Fagleg utvikling

Det er både fint og nyttig å lære noko nytt. Difor set vi av tid til fagleg utvikling og kompetanseheving.

Velkommen til oss

Vi håpar du er på plass etter sommarferien, full av energi, d-vitaminar og arbeidslyst. 

Obs: Stillinga er i første omgang eit ettårig engasjement, med rom for forlenging.



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 15.05.2021

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 15
    2021
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter
Traineeprogram

Fakta om Framtidsfylket