Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon3 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon54 Presentasjon av stillingen:
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har behov for ferjeavløysarar, samt andre vikar oppdrag, på ferjesambandet Festvåg-Misten, p.t. MF Bjørnsund.
Skiftordning: Døgnskift - 12 dagar på og 9 dagar av.
Søkar bør bu innan ein times reiseveg i frå sambandet pga. skiftordning.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- FSE e-læring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift - 12 dagar på og 9 dagar av
Kontaktinformasjon
Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Primær Fylkesveg 834 10
8016 Bodø
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon54
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.05.2021