<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Seniorrådgjevar – Seksjon forskning

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Seniorrådgjevar – Seksjon forskning

Avdelinga for forsking og innovasjon
Avdelinga for forsking og innovasjon har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legger mellom anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon og internasjonalt samarbeid, berekraft og Nordområda. UiB har store ambisjonar knytt til påverknad og synlegheit i EU, og avdelinga har ansvaret for å følje opp UiB si strategiske satsing i EU. Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og forskingsprogram knytt til framifrå forsking har ei særskild strategisk betyding for UiB. Den samla eksternfinansierte inntekta til universitetet utgjorde i 2020 over ein milliard. Avdelinga er inndelt i tre seksjonar.

Arbeidsoppgåver:

Avdelinga lyser nå ut ei fast stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med strategisk og policy retta EU-arbeid. Stillinga er knytt til Seksjon forsking, og det som vert tilsett vil være sentral i universitetet sitt arbeid med strategisk tenking og policy utvikling overfor EU, og tverrgåande prosessar nasjonalt og internasjonalt. Stillinga vil få arbeid innan eit bredt spekter av oppgåver knytt til universitetet si deltaking i EUs forskings- og innovasjons- og utdanningssamarbeid. I samarbeid med fagmiljø, vil tilrettelegging og oppfølging av universitetets strategiske EU arbeid inngå i stillinga, herunder arbeidet med den europeiske universitetsalliansen Arqus. Saman med fagmiljø skal stillinga også bidra til å mobilisere inn mot EU sitt rammeprogram, Horizon Europe.

Seniorrådgjevaren vil ha eit tett samarbeid med den faglege og administrative leiinga og fagmiljø ved UiB. Den som vert tilsett vil arbeide i team med svært engasjerte og dyktige kollegaer på tvers av heile avdelinga, og vil også ha utstrakt samarbeid med universitetet sitt kontor i Brussel. Vedkommande vil også kunne bidra i utvikling av området og stillinga. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse på minst masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God kjennskap til og erfaring frå EU-systemet vil bli vektlagd.
  • Solid kunnskap om forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikk, herunder EUs programmer.
  • God kjennskap til UH-sektoren, Norges forskingsråd, og andre relevante forskingspolitiske aktørar og forvaltning.
  • Erfaring frå kompleks sakshandsaming og utreiing frå universitet, departement, forskingsråd eller liknande organ.
  • Erfaring med å halde presentasjonar og kurs.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.


Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper.
  • Evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team.
  • Evne til å arbeide strategisk og policy orientert.
  • Evne til å sette i gang, leie og evaluere prosessar og halde oversyn over fleire parallelle arbeidsprosessar både hos seg sjølv og andre.
  • Opptatt av kunnskapsdeling og utvikling.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:
  • Interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for UiB
  • Eit attraktivt og sterkt kompetansemiljø med stor fagleg bredde
  • Høge ambisjonar og mål for den internasjonale forskings- og innovasjonsaktiviteten
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidergruppe med stor fagleg tyngde.
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet i stillinga
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-77 i det statlege lønsregulativet (for tida kr.618 600-744 600 brutto). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode
Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef og nestleiar Birgit Falch, Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller direktør Forskings- og innovasjonsavdelinga Benedicte Løseth, Logg inn for å se kontaktinformasjon. Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 22
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Vis alle 34.383 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen