Er du utdanna farmasøyt, vernepleier, sjukepleiar eller lege med ledig kapasitet?
Har du ledig kapasitet ved sidan av ditt ordinære arbeid? Har du blitt pensjonist og har lyst å bidra? Skal du vere i Ål eller omegn i ferien og kan hjelpe oss i ei periode? Då treng vi deg til vaksineteamet vårt i Ål.
Særskilt opplæring i covid-19 vaksinering vil bli gitt før oppstart.
Du har du no høve til å bidra inn i århundrets kanskje viktigaste arbeid!
Vaksinane mot covid-19 blir no sendt ut fortløypande, og vi søkjer deg som kan bidra til å vaksinere våre innbyggarar.
I Ål kommune er det i utgangspunktet lagt opp til vaksinering kvar onsdag på dagtid mellom kl 08.00 og 16.00, men det kan ved behov bli satt opp timar også på ettermiddag/kveld, eventuelt fleire dagar i veka.
Som vaksinatør vil du sette vaksiner og observere i etterkant.
Stillingane er midlertidige engasjement mellom 3-6 månader. Du får arbeidsavtale enten med fast lønn i stillingsprosent i eit avgrensa tidsrom eller tilkallingsavtale med timelønn.
Vi treng helsepersonell som kan arbeide fast kvar onsdag, som kan bidra i enkelte veker eller som vere ringevikar på ved behov.
Send søknad
Du kan ta direkte kontakt med Elise Jakobsen eller send inn elektronisk søknad på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Adresse: Helse og sosial stab