<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Høgskulelærar/høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis ved Nynorsksenteret – st. nr. 35/2021. Høgskulen i Volda

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Om stillinga

Ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsksenteret, ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda, er det ledig eit vikariat i 50-100 % prosent stilling som høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis frå 1.8.2021 til 31.7.2022.


Om Nynorsksenteret

Nynorsksenteret er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa, med nasjonalt mandat. Senteret skal medverke til kompetanseutvikling og tilby støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, både i område der nynorsk er opplæringsmål og der nynorsk er sidemål. Målgrupper for senteret sitt arbeid er primært lærarar, barnehagelærarar, skuleleiarar, lærarstudentar og lærarutdannarar.

Nynorsksenteret si verksemd er basert på forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid. Vi samarbeider både med lærarutdanningane og andre relevante fagmiljø ved universitet og høgskular over heile landet. Lesesenteret, Skrivesenteret og dei andre nasjonale sentera er også viktige samarbeidspartar. Senteret er med i mange nettverk, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Frå etableringa i 2005 til 2017 vart Nynorsksenteret fagleg styrt frå Utdanningsdirektoratet, med Høgskulen i Volda som vertsinstitusjon. Frå 2018 overtok HVO også den faglege styringa. Senteret er no ei sjølvstendig eining under Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), på same nivå som dei fire faginstitutta ved avdelinga.


Arbeidsfelt

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene blir å fylgje opp senteret sitt arbeid retta mot språkopplæringa for dei yngste aldersgruppene, dvs. i barnehagen og dei første klassene på barnetrinnet.

Mange av oppdraga til Nynorsksenteret varierer noko frå år til år, og den som blir tilsett må difor rekne med å bli pålagt arbeidsoppgåver også mot andre målgrupper enn dei som er nemnde her. Mellom anna kan deltaking i samarbeidet med UH-sektoren for å sikre ei god nynorskopplæring i lærarutdanningane vere ei aktuell oppgåve.

Hovudoppgåvene til dei fagtilsette ved Nynorsksenteret er å utvikle læringsressursar og drive formidlingsarbeid for målgruppene våre. Det vil bli lagt til rette for at medarbeidarar som ynskjer det kan drive utviklingsarbeid og publisering med utgangspunkt i senteret sine kjerneoppgåver. Deltaking i større fou-prosjekt – i samarbeid med andre fagmiljø ved HVO eller andre UH-institusjonar – kan også vere aktuelt.

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må ha høgare utdanning på masternivå, med hovudvekt på norsk/nordisk språk eller litteratur, kulturfag eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis eller førstelektor må søkjaren ha doktorgrad eller tilsvarande i eit relevant fagområde.

For søkjar utan formell kompetanse som høgskulelektor, kan det vere høve for tilsetjing som høgskulelærar.

Søkaren må ha arbeidsrøynsle frå barnehage eller grunnskule, helst 1.-4. trinn. Det blir også kravd dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing.

Stillinga er lyst ut med ei opning for lågare stillingsprosent enn 100. Dette fordi vi ynsker å også nå potensielle søkjarar som har høve til å kombinere eit slikt engasjement med arbeid i barnehage eller skule. Å ha tilsette med fersk røynsle frå praksisfeltet er alltid ein fordel.

Røynsle frå bruk av digitale verktøy i formidlingsrabeid vil vere eit pluss. Vi føreset også god kjennskap til gjeldande rammeplan for barnehagen og dei nye læreplanane for grunnopplæringa (LK20).

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Samarbeidsevne og evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig er viktig. God munnleg og skriftleg formidlingsevne og at ein er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil også bli lagt vektlagt.

Ved Nynorsksenteret nyttar vi nynorsk i all skriftleg kommunikasjon, både internt og eksternt. Det er difor eit sjølvsagt krav at den som blir tilsett er stø i nynorsk.


Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Arbeidsstaden for dei fulltidstilsette ved Nynorsksenteret er ved Høgskulen i Volda. Ved denne utlysinga av eit vikariat på deltid er vi opne for at den som blir tilsett kan ha base ein annan stad i landet. Kontakten med senterleiaren og dei andre tilsette ved senteret vil då i hovudsak vere via digitale kanalar.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 576 100 – 741 300/ høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000/høgskulelærar 1007 frå kr 466 500 – 575 600.


Om søknaden

Om søknadenAlle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.  

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga 

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge. 

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden: 

 Vitnemål og attestar, samla i ei fil 

CV 

Masteroppgåve 

Andre vitskapelege arbeid 


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til leiar Torgeir Parr Dimmen ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon.


Generell informasjon

Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. 

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV, kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på .  

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. 

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.  

Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med om lag 2000 studentar og 130  tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på





Les mer om stillingen, fakta og søknadsprosess

Se flere annonser

TL;DR: Kom og jobb som utvikler i et verdensledende skyselskap!Ønsker du å jobbe for et verdensledende IT-selskap med et konsept
22.09.2020 Oslo
RSM Advokatfirma AS er tilknyttet RSM Norge, og fungerer som både juridisk avdeling for revisjonsfirmaet RSM Norge og som selvstendig
07.10.2020 Oslo
Intility er en komplett teknologiplattform som benyttes av over 600 selskaper med over 2500 lokasjoner i Norge og resten av
25.11.2020 Oslo
Ønsker du å starte karrieren din i en bedrift som satser på lærlingene sine, og hvor et vellykket opphold kan
21.01.2021 Oslo
TL;DR: Kom og jobb som utvikler i et verdensledende skyselskap! Ønsker du å jobbe i et verdensledende IT-selskap med et konsept du
11.03.2021 Oslo
RSM er nesten helt overflødig Vi har et bredt tjenestespekter innen revisjon, transaksjoner og skatt, men det har jo de
17.03.2021 Flere steder
TL;DR: Kom og jobb som utvikler i et verdensledende skyselskap! Ønsker du å jobbe i et verdensledende IT-selskap med et konsept du
14.04.2021 Oslo
Brenner du for IT og ønsker å bygge en langsiktig karriere innen teknologi, er dette en mulighet du ikke vil
22.04.2021 Oslo
Vis alle 27.150 ledige stillinger
Høgskulen i Volda har om lag 3500 studentar og 350 tilsette og er organisert i 4 avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. I tillegg er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa lagt til høgskulen. Det vert gitt undervisning innafor ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen driv forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. Les mer om Høgskulen i Volda

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsksenteret, ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda, er det ledig eit vikariat i 50-100 % prosent stilling som høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis frå 1.8.2021 til 31.7.2022.


Om Nynorsksenteret

Nynorsksenteret er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa, med nasjonalt mandat. Senteret skal medverke til kompetanseutvikling og tilby støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, både i område der nynorsk er opplæringsmål og der nynorsk er sidemål. Målgrupper for senteret sitt arbeid er primært lærarar, barnehagelærarar, skuleleiarar, lærarstudentar og lærarutdannarar.

Nynorsksenteret si verksemd er basert på forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid. Vi samarbeider både med lærarutdanningane og andre relevante fagmiljø ved universitet og høgskular over heile landet. Lesesenteret, Skrivesenteret og dei andre nasjonale sentera er også viktige samarbeidspartar. Senteret er med i mange nettverk, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Frå etableringa i 2005 til 2017 vart Nynorsksenteret fagleg styrt frå Utdanningsdirektoratet, med Høgskulen i Volda som vertsinstitusjon. Frå 2018 overtok HVO også den faglege styringa. Senteret er no ei sjølvstendig eining under Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), på same nivå som dei fire faginstitutta ved avdelinga.


Arbeidsfelt

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene blir å fylgje opp senteret sitt arbeid retta mot språkopplæringa for dei yngste aldersgruppene, dvs. i barnehagen og dei første klassene på barnetrinnet.

Mange av oppdraga til Nynorsksenteret varierer noko frå år til år, og den som blir tilsett må difor rekne med å bli pålagt arbeidsoppgåver også mot andre målgrupper enn dei som er nemnde her. Mellom anna kan deltaking i samarbeidet med UH-sektoren for å sikre ei god nynorskopplæring i lærarutdanningane vere ei aktuell oppgåve.

Hovudoppgåvene til dei fagtilsette ved Nynorsksenteret er å utvikle læringsressursar og drive formidlingsarbeid for målgruppene våre. Det vil bli lagt til rette for at medarbeidarar som ynskjer det kan drive utviklingsarbeid og publisering med utgangspunkt i senteret sine kjerneoppgåver. Deltaking i større fou-prosjekt – i samarbeid med andre fagmiljø ved HVO eller andre UH-institusjonar – kan også vere aktuelt.

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må ha høgare utdanning på masternivå, med hovudvekt på norsk/nordisk språk eller litteratur, kulturfag eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis eller førstelektor må søkjaren ha doktorgrad eller tilsvarande i eit relevant fagområde.

For søkjar utan formell kompetanse som høgskulelektor, kan det vere høve for tilsetjing som høgskulelærar.

Søkaren må ha arbeidsrøynsle frå barnehage eller grunnskule, helst 1.-4. trinn. Det blir også kravd dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing.

Stillinga er lyst ut med ei opning for lågare stillingsprosent enn 100. Dette fordi vi ynsker å også nå potensielle søkjarar som har høve til å kombinere eit slikt engasjement med arbeid i barnehage eller skule. Å ha tilsette med fersk røynsle frå praksisfeltet er alltid ein fordel.

Røynsle frå bruk av digitale verktøy i formidlingsrabeid vil vere eit pluss. Vi føreset også god kjennskap til gjeldande rammeplan for barnehagen og dei nye læreplanane for grunnopplæringa (LK20).

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Samarbeidsevne og evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig er viktig. God munnleg og skriftleg formidlingsevne og at ein er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil også bli lagt vektlagt.

Ved Nynorsksenteret nyttar vi nynorsk i all skriftleg kommunikasjon, både internt og eksternt. Det er difor eit sjølvsagt krav at den som blir tilsett er stø i nynorsk.


Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Arbeidsstaden for dei fulltidstilsette ved Nynorsksenteret er ved Høgskulen i Volda. Ved denne utlysinga av eit vikariat på deltid er vi opne for at den som blir tilsett kan ha base ein annan stad i landet. Kontakten med senterleiaren og dei andre tilsette ved senteret vil då i hovudsak vere via digitale kanalar.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 576 100 – 741 300/ høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000/høgskulelærar 1007 frå kr 466 500 – 575 600.


Om søknaden

Om søknadenAlle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.  

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga 

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge. 

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden: 

 Vitnemål og attestar, samla i ei fil 

CV 

Masteroppgåve 

Andre vitskapelege arbeid 


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til leiar Torgeir Parr Dimmen ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon.


Generell informasjon

Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. 

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV, kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på .  

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. 

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.  

Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med om lag 2000 studentar og 130  tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på





Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • JUN 21
    2021
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter