Har du interesse for regelverk og prosedyrar?
Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober avslutta etaten ein omfattande omorganiseringsprosess og etablerte vareførselsdivisjonen med hovudkontor i Bergen. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.
Regelavdelinga i vareførselsdivisjonen består av seks seksjonar, og stillingane som no blir utlyste, er lagde til juridisk seksjon. Seksjonen har eit nasjonalt ansvar for å utvikle regelverk og prosedyrar og dessutan eit særleg ansvar for personvern og dokumentkoordinering i divisjonen.
Vi ser no etter to medarbeidarar med tollfagleg utdanning. Arbeidsdagen din vil vere prega av utstrekt samarbeid med ulike fagmiljø på tvers i organisasjonen, og du vil få gode høve til å utvikle deg fagleg.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- bidra med rådgiving og støtte i prosjekt og enkeltsaker innanfor ansvarsområdet til heile avdelinga
- ved behov bidra med saksbehandling innanfor saksfeltet til andre seksjonar i regelavdelinga
- følgje opp samarbeidande aktørar
- bidra med utforming, implementering og vedlikehald av interne prosedyrar og styrande dokument innanfor ansvarsområdet til divisjonen
- bidra med intern undervisning
- behandle og svare på regelverksavklaringar
Kvalifikasjonskrav:
- bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god skriftleg framstillingsevne på engelsk
- erfaring med saksbehandling og rettleiing
Personlege eigenskapar:
- Du har god gjennomføringsevne og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er mål- og resultatorientert
- Du er nysgjerrig, initiativrik og villig til å bidra også utanfor ditt eige ansvarsområde
- Du har høg arbeidskapasitet og evne til å stå på i hektiske periodar
- Du er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Vi kan tilby:
- utfordrande oppgåver, eit spennande fagmiljø og gode høve til å utvikle seg fagleg
- eit godt arbeidsmiljø
- lønn som tolloverinspektør etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 535 200 til 575 600 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksitid og høve til å trene i arbeidstida
- arbeidsstad i moderne lokale sentralt i Bergen
Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef June Nesse på tlf. 477 97 831 / june.nesse@toll.no.
Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.