<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest Faste stillingar - kvilande nattevakt ved Stavanger akuttsenter

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillingane 

Ved Stavanger akuttsenter, er det ledig til saman 4 faste deltidsstillingar som kvilande nattevakt. Kvilande vakt blir godtgjort med 1/3 timelønn i tidsrommet 00:00 - 06:00. Senteret har 3 avdelingar: Madla, Røyneberg og ny avdeling Heimly. 

Ved avdeling Røyneberg er det ledig ei stilling p.t. 53,85 %, lønsteknisk stillingsprosent p.t. 28,18 %, ved avdeling Madla er det ledig to stillingar, p.t. 49,74 %, lønsteknisk stillingsprosent p.t. 26,51 %, og ved avdeling Heimly er det ledig ei stilling p.t. 66,40 %, lønsteknisk stillingsprosent p.t. ca. 35 %. Det er ulik turnus ved kvar avdeling.

Ungdommane du skal hjelpe, kjem til oss i ei kritisk fase i eige liv. Vil du hjelpe dei? Vere der for dei når det gjeld? Ei natt på jobb på Stavanger akuttsenter kan vere rolig. Men den kan også krevje mykje av deg: Ro og klokskap i ein oppheita situasjon. Innleving og støtte når kjenslene renn over for ein tenåring som ikkje får sove, eller en ungdom som har flytta inn midt på natta.

Jobb ved Stavanger akuttsenter byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi menn til å søkje. 


Arbeidsoppgåver og ansvarsområder
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senteret sine retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Delta på / ansvar for inntak, overlapping, praktiske oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga, forberede frukost og følgje opp kvelds- og morgonrutiner.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.

Kven søkjer vi?

Vi søkjer deg som motiverast av ansvar, som arbeidar sjølvstendig, som er proaktiv og initiativrik,  trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov. Du må ha evne til å handtera uforutsigbare situasjonar – og vera klar til å rykkja ut på vakt ved behov, ha god struktur, eit fagleg perspektiv og kunne samarbeida i team.

Du er fleksibel og trivast med store utfordringar og du har evne til hurtig omstilling. For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

Det er viktig for oss å finne deg som passar til jobben.

Kva slags bakgrunn har du?
  • For tilsetjing i stillingskode 1495, 1494 eller 1508 vert det kravd minimum treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • For tilsetjing i stillingskode 1488 som miljøterapeut vert det kravd minimum toårig relevant utdanning med minst 90 studiepoeng. 
  • Det er ynskjeleg med erfaring, etter endt utdanning, frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, helst med ungdom som målgruppe / arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Førarkort for personbil.

Vi tilbyr
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar i lønsramme 15, alt.  5 -11, p.t. kr 387 900 - kr 498 800 pr. år (ltr 40-56), stillingskode 1488 miljøterapeut lønsramme 17, alt 3-11, pt. kr 356 100 - kr 458 900 pr. år (ltr 33 - 51) 
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning. Tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Vi ønskjer oss derfor medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rett kandidat bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til Stavanger akuttsenter avdeling Madla, Røyneberg og ny avdeling Heimly.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetjing, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje takast til følgje.
Kontaktinformasjon

Monika Høyer Haugland, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon – e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Monica Gravdal, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon - e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju. 





Om arbeidsgiveren

Om Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen. 

Bjørgvin ungdomssenter har som målgruppe ungdom i alderen 13-18 år med rusmisbruk som hovudproblematikk. Senteret har plass til 8 ungdommar, fordelt på to avdelingar med 4 plassar på kvar avdeling. Avdelingane ligg på Bønes i Bergen. Plasseringsgrunnlag er §§ 4-26/4-24 i Lov om barneverntjenester. Bjørgvin Ungdomssenter driv rusbehandling i henhold til spesifikk metode: Læringsbasert rusbehandling (LBR).

Les mer om Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Trykker - Offset - Grafisk Industri
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
05.05.2024 Kvinnherad
Vis alle 34.373 ledige stillinger

Fakta om Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest