<  
>  
Stillingsannonse

Ph.d. - stipendiat i design, kunst- og handverksfag – st. nr. 40/2021 Høgskulen i Volda

Søknadsfrist : 08.08.2021
Om stillinga

Høgskulen i Volda søkjer etter éin stipendiat ved Avdeling for kulturfag, Seksjon for design, kunst og handverk (DKH). Vi ønskjer søkarar som har gode prosjekt innanfor design, kunst- og handverksfaga. Vi er særleg interessert i prosjekt som utforskar tema innanfor materialområdet tekstil. Andre materialområde kan også være aktuelle.

Stipendiatstillinga er ei utdaningsstilling på tre år, som gir lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingar blir sett på som viktige rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular.

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande stasar.  Tidspunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen.

Det er eit vilkår for å starte i stipendiatstillinga å ha fått opptak på eit høveleg doktorgradsprogram. Dokumentasjon på opptak må ligge føre seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. 

Stipendiatprosjektet skal vere med på å styrkje det vitskaplege grunnlaget for fagområdet design, kunst og handverk, retta inn mot bachelorstudiet og ei eller fleire av lærarutdanningane ved høgskulen: Barnehagelærarutdanning, Grunnskulelærarutdanning 1–7, Grunnskulelærarutdanning 5–10 og Praktisk- pedagogisk utdanning. Søkjaren må gjere greie for eit forskingsprosjekt som tek opp relevante utfordringar retta mot tverrfaglege tema som berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap eller folkehelse og livsmeistring . Det vil vere ein fordel om prosjektet er kopla opp mot ei Logg inn for å se kontaktinformasjon ved HVO, til dømes Forskingsgruppe for fagdidaktikk i kunst og handverk. 

Søkjarar kan kontakte Karen Brænne, førsteamanuensis og forskingsgruppeleiar, for meir informasjon om stillinga. Vi oppmodar aktuelle søkjarar om å ta kontakt i god tid før søknadsfristen.


Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradsutdanning innan design, kunst og handverk eller tilsvarande relevant fagområde, normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT.

Du må dokumentere praktiske ferdigheiter på eit høgt handverksmessig, designfagleg og/eller kunstnarleg nivå.  Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga, vil også bli vektlagde.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektidéen som ligg ved søknaden. Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Fagleg /fagdidaktisk erfaring og/eller forskingserfaring vert også vektlagt. Det skal komme fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forkingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva datagrunnlag ein tek sikte på å bruke.

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnader for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha utmerka evne til å kommunisere og samarbeide i ulike grupper under rettleiing. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere kreativ og nytenkande.

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisnings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.


Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei spanande og viktig verksemd.

Avdelinga for kulturfag har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med høve til fagleg, tverrfagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.

Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er alle stipendiatar lønna i lønssteg 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til ei jamn lønnsutvikling i perioden.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av dette gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måte, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Logg inn for å se kontaktinformasjon

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå dokumentasjon som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

  • Søknadsbrev: motivasjon for å søkje stillinga og kort oversikt over kvalifikasjonane, praktiske ferdigheiter, erfaring og personlege eigenskapar som gjer deg til ein attraktiv kandidat
  • Vitnemål og attestar inkludert alle karakterar
  • CV
  • Masteroppgåve
  • Eventuelle andre vitskaplege og/eller kunstnarlege arbeid
  • Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Ufullstendige søknader blir ikkje vurdert. Alle fullstendige søknader vert først vurdert ved avdelinga, før dei blir vurdert av eit sakkunnig utval nedsett av dekan.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

Om avdelinga

Avdeling for kulturfag (AKF) er eit ambisiøst og framtidsretta fagmiljø som tilbyr høgare utdanning innan kunstfag og designfag, teaterfag, musikk, idrett og kroppsøving, friluftsliv og naturguide, og har forskings- og kunstnarleg utviklingsaktivitetar innan desse fagfelta. Fagmiljøet er i dag organisert i fire fagseksjonar og eit senter for kunstproduksjon. Fagseksjonar: Design, kunst og handverk, Drama og teater, Idrett og friluftsliv og Musikk. SEANSE – senter for kunstproduksjon tilbyr ein nasjonal møteplass og utviklingsarena for kunstproduksjon innan alle sjangrar. Avdelinga søker akkreditering for eit tverrfagleg masterstudie. AKF har ansvar for det avdelingsovergripande utviklingsprosjektet Future Skills, som er ein del av Utviklingsavtalen mellom Kunnskapsdepartementet og Høgskulen i Volda. Avdelinga har om lag 550 studentar, nærare 45 tilsette, inkludert 4-7 stipendiatar.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir påLogg inn for å se kontaktinformasjon





Les mer om stillingen, fakta og søknadsprosess

Se flere annonser

Har du interesse for optimalisering av anbuds- og tilbudsarbeid, og er opptatt av høy kvalitet i anbuds- og tilbudsprosesser? Vi ser
09.07.2021 Ullensaker
Multiconsult har for øyeblikket mange spennende prosess- og maskin oppgaver i vår portefølje med blant annet Ny Vannforsyning Oslo. Vi
22.07.2021 Oslo
Søkes til Finnsnes Søknadsfrist 31.07.2021
22.07.2021 Senja
Er det én plass du bør jobbe som vanningeniør i Trøndelag, er det i Rambøll Vann! Ingeniørene våre jobber i
22.07.2021 Trondheim
Er det én plass du bør jobbe som faglig motivert vanningeniør i Trøndelag, er det i Rambøll vann! Her kan
22.07.2021 Trondheim
Nannas vei er en ny, men godt etablert og flott avdeling på Rykkinn, som yter heldøgns omsorgstjenester til våre brukere
22.07.2021 Oslo
Vi inviterer deg til å ta i bruk din kompetanse innen elektro i en stilling hvor du blir en del
22.07.2021 Flere steder
Vi inviterer deg til å ta i bruk din kompetanse og erfaring innen ingeniørgeologisk og/eller geoteknisk prosjektering, ledelse og kundebehandling
22.07.2021 Bergen
Vis alle 27.231 ledige stillinger
Høgskulen i Volda har om lag 3500 studentar og 350 tilsette og er organisert i 4 avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. I tillegg er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa lagt til høgskulen. Det vert gitt undervisning innafor ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen driv forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. Les mer om Høgskulen i Volda

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Høgskulen i Volda søkjer etter éin stipendiat ved Avdeling for kulturfag, Seksjon for design, kunst og handverk (DKH). Vi ønskjer søkarar som har gode prosjekt innanfor design, kunst- og handverksfaga. Vi er særleg interessert i prosjekt som utforskar tema innanfor materialområdet tekstil. Andre materialområde kan også være aktuelle.

Stipendiatstillinga er ei utdaningsstilling på tre år, som gir lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingar blir sett på som viktige rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular.

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande stasar.  Tidspunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen.

Det er eit vilkår for å starte i stipendiatstillinga å ha fått opptak på eit høveleg doktorgradsprogram. Dokumentasjon på opptak må ligge føre seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. 

Stipendiatprosjektet skal vere med på å styrkje det vitskaplege grunnlaget for fagområdet design, kunst og handverk, retta inn mot bachelorstudiet og ei eller fleire av lærarutdanningane ved høgskulen: Barnehagelærarutdanning, Grunnskulelærarutdanning 1–7, Grunnskulelærarutdanning 5–10 og Praktisk- pedagogisk utdanning. Søkjaren må gjere greie for eit forskingsprosjekt som tek opp relevante utfordringar retta mot tverrfaglege tema som berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap eller folkehelse og livsmeistring . Det vil vere ein fordel om prosjektet er kopla opp mot ei Logg inn for å se kontaktinformasjon ved HVO, til dømes Forskingsgruppe for fagdidaktikk i kunst og handverk. 

Søkjarar kan kontakte Karen Brænne, førsteamanuensis og forskingsgruppeleiar, for meir informasjon om stillinga. Vi oppmodar aktuelle søkjarar om å ta kontakt i god tid før søknadsfristen.


Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradsutdanning innan design, kunst og handverk eller tilsvarande relevant fagområde, normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT.

Du må dokumentere praktiske ferdigheiter på eit høgt handverksmessig, designfagleg og/eller kunstnarleg nivå.  Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga, vil også bli vektlagde.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektidéen som ligg ved søknaden. Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Fagleg /fagdidaktisk erfaring og/eller forskingserfaring vert også vektlagt. Det skal komme fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forkingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva datagrunnlag ein tek sikte på å bruke.

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnader for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha utmerka evne til å kommunisere og samarbeide i ulike grupper under rettleiing. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere kreativ og nytenkande.

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisnings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.


Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei spanande og viktig verksemd.

Avdelinga for kulturfag har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med høve til fagleg, tverrfagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.

Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er alle stipendiatar lønna i lønssteg 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til ei jamn lønnsutvikling i perioden.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av dette gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måte, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Logg inn for å se kontaktinformasjon

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå dokumentasjon som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

  • Søknadsbrev: motivasjon for å søkje stillinga og kort oversikt over kvalifikasjonane, praktiske ferdigheiter, erfaring og personlege eigenskapar som gjer deg til ein attraktiv kandidat
  • Vitnemål og attestar inkludert alle karakterar
  • CV
  • Masteroppgåve
  • Eventuelle andre vitskaplege og/eller kunstnarlege arbeid
  • Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Ufullstendige søknader blir ikkje vurdert. Alle fullstendige søknader vert først vurdert ved avdelinga, før dei blir vurdert av eit sakkunnig utval nedsett av dekan.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

Om avdelinga

Avdeling for kulturfag (AKF) er eit ambisiøst og framtidsretta fagmiljø som tilbyr høgare utdanning innan kunstfag og designfag, teaterfag, musikk, idrett og kroppsøving, friluftsliv og naturguide, og har forskings- og kunstnarleg utviklingsaktivitetar innan desse fagfelta. Fagmiljøet er i dag organisert i fire fagseksjonar og eit senter for kunstproduksjon. Fagseksjonar: Design, kunst og handverk, Drama og teater, Idrett og friluftsliv og Musikk. SEANSE – senter for kunstproduksjon tilbyr ein nasjonal møteplass og utviklingsarena for kunstproduksjon innan alle sjangrar. Avdelinga søker akkreditering for eit tverrfagleg masterstudie. AKF har ansvar for det avdelingsovergripande utviklingsprosjektet Future Skills, som er ein del av Utviklingsavtalen mellom Kunnskapsdepartementet og Høgskulen i Volda. Avdelinga har om lag 550 studentar, nærare 45 tilsette, inkludert 4-7 stipendiatar.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir påLogg inn for å se kontaktinformasjon





Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 08.08.2021

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Flere muligheter