<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Høgskulen på Vestlandet Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i IKT i læring

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i IKT i læring ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Det er ledig ei mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i IKT i læring i tida frå august/september 2021 til 31.07.2022 ved Fakultet for lærarutdanning kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag i Bergen, Sogndal eller Stord.


Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til ulike masterprogram og etter- og vidareutdanningar, alt etter søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov. Det kan og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan grunnskulelærarutdanningane (integrert 5-årig master).
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna; fagadminstrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale vertøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av . 

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad innanfor pedagogisk, samfunnsvitskapleg eller teknologisk fagområde der pedagogisk bruk og/eller utvikling av digitale vertøy i undervisning og læringssamanheng er sentralt.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad med tilsvarande fagleg relevans som for førsteamanuensis.

For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha avlagt mastergrad/hovudfag med gode resultat (normalt A eller B på masteroppgåva) innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring med teknologi og programmeringsverktøy for grunn- og vidaregåande opplæring (t.d. Lego, Sphero, Bolt, Scratch, Micro:bit).
  • Erfaring med nettbasert og/eller fleksibel undervisning.
  • Erfaring med produksjon av multimodale ressursar (video, podkast m.m.).
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring elelr høgare utdanning.
  • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor/1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf.: Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon

2) Førstelektor Svein Ove Lysne, tlf.: Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon


Samspel, bærekraft og nyskaping 

Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 





Om arbeidsgiveren

Frå 1. januar 2017 blir Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) fusjonert til ein ny høgskule på Vestlandet.

Den nye høgskulen skal vere del av ein sterk UH-sektor på Vestlandet gjennom oppbygging av sterke fagmiljø i ein viktig og synleg utdannings- og forskingsinstitusjon med universitetsambisjonar. Med god forankring i dei tre nærregionane Sunnhordland/Haugalandet, Bergensområdet og Sogn og Fjordane, vil høgskulen ha ein profesjons- og arbeidslivsprofil som gjer seg gjeldande i både nasjonal og internasjonal samanheng.

Kompetansefellesskapet som fagmiljøa i den nye høgskulen utgjer, vil betre kunne svare på regionale, nasjonale og internasjonale behov for omstilling og endring. Høgskulen skal vere ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og fagpersonar, og vil gjennom ei digital satsing sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.

Den fusjonerte høgskulen vil vere ein av landets største, med om lag 16 000 studentar og 1600 tilsette fordelt på fem studiestader - Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Hausten 2016 har eit interimsstyre med ekstern styreleiar ansvar for avgjerder som gjeld fusjonen. Frå 1.1.17 går interimsstyret over til å vere styret for den nye høgskulen, som blir samla under felles institusjonsleiing, med tilsett rektor.

Les mer om Høgskulen på Vestlandet

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 20
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 21
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 24
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 25
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 26
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
22 ledige stillinger

Se flere annonser

Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
05.05.2024 Kvinnherad
Vis alle 34.373 ledige stillinger

Fakta om Høgskulen på Vestlandet