Om stillinga
Høgskulen i Volda (HVO) søkjer etter stipendiat i nynorskopplæring ved Nynorsksenteret, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Stipendiatstillinga er ei utdanningsstilling som gjev lovande forskarar høve til fagleg utvikling, og ho har forskarutdanning fram til doktorgrad som konkret mål. Stipendiatstillingane er viktige for rekruttering til vitskaplege stillingar ved universitet og høgskular.
Stillinga i nynorskopplæring skal vere med og styrke kunnskapsgrunnlaget på feltet og bidra til best mogleg kvalitet på Nynorsksenteret sitt arbeid med å utvikle og formidle læringsressursar til bruk i grunnopplæringa og lærarutdanningane.
Hausten 2020 vart nye læreplanar tekne i bruk på alle trinn i grunnopplæringa. Prosjekt som siktar seg inn på korleis dei nye kompetansemåla og vurderingsordningane påverkar nynorskopplæringa, vil kunne vere særleg aktuelle. Stikkord her kan vere nye måtar å drive nynorsk sidemålsundervising på, nye vurderingsformer og tidleg start. Døme på andre aktuelle tema kan vere tospråkstimulering i barnehagen i område med nynorsk opplæringsmål og nynorskelevane sin digitale skulekvardag.
Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med 75% forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Slik arbeidsplikt vil vere knytt til utvikling og formidling av læringsressursar for målgruppene til senteret. Arbeidet skal vere relevant for vidare kvalifisering til akademiske stillingar. Søkjarane bør opplyse om dei ønskjer tre- eller fireårskontrakt, og så vert det avklara i tilsetjingsprosessen.
Stillinga har arbeidsstad ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og alle får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.
Det er eit vilkår for å starte i stillinga at ein har fått opptak i PhD-program ved ein doktorgradsgjevande institusjon. Dokumentasjon på slikt opptak må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stillinga. Då vert det gjort endeleg avtale om å ta til i stillinga. Søkjarar som alt har fått stadfesta opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, legg ved dokumentasjon på det.
Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret skal medverke til kompetanseutvikling og tilby støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, både i område der nynorsk er opplæringsmål og der nynorsk er sidemål. Målgrupper for senteret sitt arbeid er primært lærarar, barnehagelærarar, skuleleiarar, lærarstudentar og lærarutdannarar.
Verksemda ved senteret er basert på forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid. Vi samarbeider både med lærarutdanningane og andre relevante fagmiljø ved universitet og høgskular over heile landet. Lesesenteret, Skrivesenteret og dei andre nasjonale sentera er også viktige samarbeidspartar. Senteret er med i mange nettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Frå etableringa i 2005 til 2017 vart Nynorsksenteret fagleg styrt frå Utdanningsdirektoratet, med Høgskulen i Volda som vertsinstitusjon. Frå 2018 overtok HVO også den faglege styringa. Senteret er no ei sjølvstendig eining under Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), på same nivå som dei faginstitutta ved avdelinga.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har sterk fagleg bakgrunn med mastergrad i norsk (nordisk) språk eller litteratur, nynorsk skriftkultur, allmenn lingvistikk eller anna med relevans for senteret sitt oppdrag. Graden bør vere av relativt ny dato. Dersom du har anna utdanning som gjev grunnlag for å gjennomføre ei forskarutdanning, eller utdanning frå utlandet, må det leggast ved godkjenning frå NOKUT.
Karakter på masteroppgåva og masterstudiet skal normalt vere B eller betre.
Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga, vert vektlagt. Det same gjeld relevant arbeidserfaring.
Ved vurdering av søkjarane vert det lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som du legg ved søknaden.
Prosjektskissa skal vere på 5–8 sider. Der skal det kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor det er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og kva datagrunnlag (kjelder/empiri) du planlegg å bruke.
Det vert gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere om ein har dei personlege føresetnadene for å gjennomføre forskarutdanninga. Det gjeld mellom anna motivasjon og potensial for forsking på fagfeltet. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere nytenkande og kreativ.
Vi krev gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Om søknaden
Alle må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar der. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.
Desse dokumenta skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
- Masteroppgåve
- Eventuelle andre vitskaplege arbeid
- Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten
- Evt. stadfesting på opptak i doktorgradsprogram
Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgaver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Her er gode vilkår for forsking og aktive forskargrupper på fleire fagfelt.
Vi har gode pensjonsordningar, og stillinga er løna i statens lønsregulativ. Ved HVO vert stipendiatane lønna i ltr 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til at ein får ei jamn lønnsutvikling i perioden.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptekne av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet. Vi oppmodar difor alle til å søkje stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om det på Arbeidsgiverportalen:
https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Offentleg søkjarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må det grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar Torgeir Dimmen, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller prodekan for forsking ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Per Halse, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon. Du kan sende epost hit for å få tilgang til eit uforpliktande webinar om å lage prosjektskisse og skrive søknad. Vi vil også kunne hjelpe med kontakt til aktuelle rettleiarar tidleg i prosessen.
For generelle spørsmål om søknad og tilsetjing kan personalsjef Randi Urke kontaktast på e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med om lag 2200 studentar og 140 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet i etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme når det gjeld tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet i forsking og utviklingsarbeid.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på