<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Ph.d.-stipendiat i norsk språkvitskap Høgskulen i Volda

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), er det ledig ei stilling som stipendiat i norsk språkvitskap. Stipendiatstillingar er utdanningsstillingar som gjev lovande forskarar høve til fagleg utvikling, og ei slik tilsetjing har forskarutdanning fram til doktorgrad (ph.d.) som konkret mål. Stipendiatstillingane er viktige for rekruttering til vitskaplege stillingar ved universitet og høgskular.

Denne stillinga skal vere med på å styrke den språkvitskaplege forskinga ved instituttet. Prioriterte forskingsområde er grammatikk, korpuslingvistikk, skriftkultur og språknormering, men også andre område innanfor norsk språkvitskap kan vere aktuelle.

Forsking på nynorsk skriftspråk og sikring av nynorsk som fagspråk er eit sentralt satsingsområde ved Høgskulen i Volda, og vi samarbeider med Universitetet i Bergen om Nynorsk-korpuset, som m.a. ligg til grunn for Norsk Ordbok. Prosjekt knytt til dette korpuset kan bli prioritert.

Stipendiatane vert tilsette for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med 75% forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Denne arbeidsplikta vil gjelde undervisning, rettleiing og liknande fagleg aktivitet ved høgskulen. Arbeidet skal vere relevant for vidare kvalifisering til akademiske stillingar. Søkjarane bør opplyse om dei ønskjer tre- eller fireårskontrakt, og så vert det avklara i tilsetjingsprosessen.

Dagleg arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatane tenlege kontor og utstyr, og ein får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.

Det er eit vilkår for å starte i stipendiatstillinga at ein har fått opptak i ph.d.-program ved ein doktorgradsgjevande institusjon. Dokumentasjon på slikt opptak må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stillinga. Då vert det gjort endeleg avtale om å ta til i stillinga ved høgskulen. Søkjarar som alt har fått stadfesta opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, legg ved dokumentasjon på det.


Om instituttet

Institutt for språk og litteratur tilbyr årsstudium og fordjupingsstudium i norsk (nordisk)  og engelsk og mastergrad i skriftkulturar. Instituttet tilbyr også norskfaglege emne innanfor barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).


Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har sterk fagleg bakgrunn med relevant mastergradsutdanning. For denne stillinga vil det seie at søkjarar må ha fullført mastergrad i norsk (nordisk) språkvitskap, nynorsk skriftkultur, allmenn lingvistikk eller tilsvarande. Graden bør vere av relativt ny dato. Dersom du har anna utdanning som gjev grunnlag for å gjennomføre ei forskarutdanning, eller utdanning frå utlandet, må det leggast ved godkjenning frå NOKUT.

Karakter på masteroppgåva og masterstudiet skal normalt vere B eller betre.

Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad vert vektlagt. Det same gjeld relevant arbeidserfaring.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som du legg ved søknaden.

Prosjektskissa skal vere på 5–8 sider. Der skal det kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor det er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og kva datagrunnlag (kjelder/empiri) du planlegg å bruke.

Det vert gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere om ein har dei personlege føresetnadene som skal til for å gjennomføre forskarutdanninga. Det gjeld mellom anna motivasjon og potensial for forsking på fagfeltet. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere nytenkande og kreativ.

Vi krev gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk

Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Her er gode vilkår for forsking og aktive forskargrupper på fleire fagfelt.

Vi har gode pensjonsordningar, og stillinga er løna i statens lønsregulativ. Ved HVO vert stipendiatane løna i ltr 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til at ein får ei jamn lønsutvikling i perioden.


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptekne av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar i  arbeidet. Vi oppmodar difor alle til å søkje stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om det på Arbeidsgiverportalen:

https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Offentleg søkjarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må det grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følge.

Om søknaden

Alle må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar der. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.

Desse dokumenta skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

-          vitnemål og attestar

 -          CV

-          Masteroppgåve

-          Eventuelle andre vitskaplege arbeid

-          Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

-          Ev. stadfesting på opptak i doktorgradsprogram

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar ved Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur, Anemari Neple, Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller leiar for Institutt for språk og litteratur, Tor Arne Haugen, Logg inn for å se kontaktinformasjon , tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon. Du kan sende e-post hit for å få tilgang til eit uforpliktande webinar om å lage prosjektskisse og skrive søknad. Vi vil også kunne hjelpe med kontakt til aktuelle rettleiarar tidleg i prosessen.

For generelle spørsmål om søknad og tilsetjing kan personalsjef Randi Urke kontaktast på e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon.


Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med om lag 2200 studentar og 140 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet i etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme når det gjeld tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet i forsking og utviklingsarbeid.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på





Les mer om stillingen, fakta og søknadsprosess

Se flere annonser

Er du autorisert sykepleier og ønsker å bli en del av et organisert fagteam? Vil du også jobbe på et
10.08.2021 Flere steder
Stendi Seniors utrykningstjeneste i Asker og Bærum betjener nærmere 3000 brukere av trygghetsalarm. Vår oppgave er å rykke ut ved
16.09.2021 Flere steder
Stendi Senior drifter Risenga Bo- og Omsorgssenter i Asker. Sykehjemmet har 104 langtidsplasser fordelt på 6 avdelinger, i tillegg til
16.09.2021 Asker
Stendi er Norges største omsorgsaktør og driver landsdekkende virksomhet innen barnevern, bo- og omsorgstjenester, eldreomsorg, hjemmehjelp og personlig assistanse (BPA).
15.09.2021 Moss
Om Risenga Bo- og Omsorgssenter: Risenga Bo- og Omsorgssenter har 104 langtidsplasser fordelt på 6 avdelinger, i tillegg til Trygghetsavdelingen
15.09.2021 Asker
 Det er ledige BPA-stillinger (brukerstyrt personlig assistent) med tiltredelse snarest:  Følgende deltidsstillinger er ledige: 2 nattstillinger, med 1, 2 eller
14.09.2021 Trondheim
Vi søker etter en miljøterapeut til vårt tiltak på Moelv. Vår ambisjon er å være best på tilrettelegging av individuelle
14.09.2021 Ringsaker
Vil du være med å utvikle Norges største private helseforetak? Vi opplever høy aktivitet og trenger flere dyktige pasientkoordinatorer til
13.09.2021 Oslo
Vis alle 26.237 ledige stillinger
Høgskulen i Volda har om lag 3500 studentar og 350 tilsette og er organisert i 4 avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. I tillegg er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa lagt til høgskulen. Det vert gitt undervisning innafor ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen driv forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. Les mer om Høgskulen i Volda

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), er det ledig ei stilling som stipendiat i norsk språkvitskap. Stipendiatstillingar er utdanningsstillingar som gjev lovande forskarar høve til fagleg utvikling, og ei slik tilsetjing har forskarutdanning fram til doktorgrad (ph.d.) som konkret mål. Stipendiatstillingane er viktige for rekruttering til vitskaplege stillingar ved universitet og høgskular.

Denne stillinga skal vere med på å styrke den språkvitskaplege forskinga ved instituttet. Prioriterte forskingsområde er grammatikk, korpuslingvistikk, skriftkultur og språknormering, men også andre område innanfor norsk språkvitskap kan vere aktuelle.

Forsking på nynorsk skriftspråk og sikring av nynorsk som fagspråk er eit sentralt satsingsområde ved Høgskulen i Volda, og vi samarbeider med Universitetet i Bergen om Nynorsk-korpuset, som m.a. ligg til grunn for Norsk Ordbok. Prosjekt knytt til dette korpuset kan bli prioritert.

Stipendiatane vert tilsette for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med 75% forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Denne arbeidsplikta vil gjelde undervisning, rettleiing og liknande fagleg aktivitet ved høgskulen. Arbeidet skal vere relevant for vidare kvalifisering til akademiske stillingar. Søkjarane bør opplyse om dei ønskjer tre- eller fireårskontrakt, og så vert det avklara i tilsetjingsprosessen.

Dagleg arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatane tenlege kontor og utstyr, og ein får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.

Det er eit vilkår for å starte i stipendiatstillinga at ein har fått opptak i ph.d.-program ved ein doktorgradsgjevande institusjon. Dokumentasjon på slikt opptak må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stillinga. Då vert det gjort endeleg avtale om å ta til i stillinga ved høgskulen. Søkjarar som alt har fått stadfesta opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, legg ved dokumentasjon på det.


Om instituttet

Institutt for språk og litteratur tilbyr årsstudium og fordjupingsstudium i norsk (nordisk)  og engelsk og mastergrad i skriftkulturar. Instituttet tilbyr også norskfaglege emne innanfor barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).


Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har sterk fagleg bakgrunn med relevant mastergradsutdanning. For denne stillinga vil det seie at søkjarar må ha fullført mastergrad i norsk (nordisk) språkvitskap, nynorsk skriftkultur, allmenn lingvistikk eller tilsvarande. Graden bør vere av relativt ny dato. Dersom du har anna utdanning som gjev grunnlag for å gjennomføre ei forskarutdanning, eller utdanning frå utlandet, må det leggast ved godkjenning frå NOKUT.

Karakter på masteroppgåva og masterstudiet skal normalt vere B eller betre.

Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad vert vektlagt. Det same gjeld relevant arbeidserfaring.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som du legg ved søknaden.

Prosjektskissa skal vere på 5–8 sider. Der skal det kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor det er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og kva datagrunnlag (kjelder/empiri) du planlegg å bruke.

Det vert gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere om ein har dei personlege føresetnadene som skal til for å gjennomføre forskarutdanninga. Det gjeld mellom anna motivasjon og potensial for forsking på fagfeltet. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere nytenkande og kreativ.

Vi krev gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk

Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Her er gode vilkår for forsking og aktive forskargrupper på fleire fagfelt.

Vi har gode pensjonsordningar, og stillinga er løna i statens lønsregulativ. Ved HVO vert stipendiatane løna i ltr 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til at ein får ei jamn lønsutvikling i perioden.


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptekne av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar i  arbeidet. Vi oppmodar difor alle til å søkje stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om det på Arbeidsgiverportalen:

https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Offentleg søkjarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må det grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følge.

Om søknaden

Alle må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar der. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.

Desse dokumenta skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

-          vitnemål og attestar

 -          CV

-          Masteroppgåve

-          Eventuelle andre vitskaplege arbeid

-          Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

-          Ev. stadfesting på opptak i doktorgradsprogram

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar ved Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur, Anemari Neple, Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller leiar for Institutt for språk og litteratur, Tor Arne Haugen, Logg inn for å se kontaktinformasjon , tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon. Du kan sende e-post hit for å få tilgang til eit uforpliktande webinar om å lage prosjektskisse og skrive søknad. Vi vil også kunne hjelpe med kontakt til aktuelle rettleiarar tidleg i prosessen.

For generelle spørsmål om søknad og tilsetjing kan personalsjef Randi Urke kontaktast på e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon.


Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med om lag 2200 studentar og 140 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet i etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme når det gjeld tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet i forsking og utviklingsarbeid.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på





Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Flere muligheter