<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Økonomi- og eigedomssjef – st. nr. 48/2021 Høgskulen i Volda

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100% fast stilling som økonomi- og eigedomssjef frå 01.01.2022.

Økonomi- og eigedomssjef har ei strategisk rådgjevarfunksjon både overfor leiinga ved Høgskulen og underliggande einingar, og skal vere med på å sikre ei økonomisk berekraftig utvikling.

Økonomi- og eigedomssjef har det samla ansvaret for økonomiområdet og eigedomsområdet ved HVO, og skal syte for at Høgskulen stettar krav og forventningar frå sentrale myndigheiter og Høgskulen sitt styre innafor desse områda. Stillinga har det faglege ansvaret for økonomiprosessanse på tvers av alle einingar. Stillinga inneber å ha tett dialog med avdelingane og saman finne løysingar til beste for Høgskulen.

Økonomi- og eigedomsavdelinga har pt. 11 medarbeidarar, og Økonomi- og eigedomssjefen vil leie eit fagmiljø med dyktige og engasjerte tilsette. Til å støtte seg i arbeidet har Økonomi- og eigedomssjef ein driftssjef som har fagleg underansvar for eigedomsområdet. Høgskulen er leigetakar i husa på høgskuleområdet, og har ein campusutviklingsplan som vi skal realisere.


Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein analytisk leiar med evne til å tenke strategisk. Du må vere god til å byggje relasjonar, og stimulere til samarbeid og teambygging.

Vår nye økonomi- og eigedomssjef må ha erfaring får leiarstillingar innanfor økonomi og verksemdstyring. Du må ha erfaring med personalleiing, og evne til å få til utvikling.  

Den som vert tilsett må ha høgare økonomisk utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for kravet til utdanning

Økonomi- og eigedomssjef førebur saker som skal avgjerast av høgskulestyret. Du må difor ha gode analytiske evner, og vere god til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved Høgskulen er norsk. Du må ha god kjennskap til digitale verktøy og arbeidsflytar.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Du er engasjert, strukturert, løysingsorientert, og du har evne til å bygge tillit og motivere dei rundt deg. Du er tydeleg, tek ansvar, og har stor gjennomføringsevne. Som økonomi- og eigedomssjef må du trivast med tidvis stort arbeidstrykk, tidsfristar, høgt tempo og stort spenn i type oppgåver.

Arbeidsstad er i Volda.


Arbeidsoppgåver

Økonomi- og eigedomssjef har eit breitt ansvarsområde, og deltek både i administrativ og fagleg utvikling. Det blir forventa at alle leiarar ved Høgskulen bidreg både på det strategiske og det operasjonelle plan.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Leie og utvikle økonomi- og eigedomsavdelinga og bidra til å realisere overordna strategiske mål.
  • Gi råd til øvste leiing ved Høgskulen og dekanane ved avdelingane i saker som vedkjem økonomi og eigedom, både når det gjeld forvalting og utvikling.   
  • Overordna ansvar for økonomiområdet, i hovudsak oppgåver knytt til verksemds-, budsjett- og økonomistyring, rekneskap, innkjøp, rådgiving og leiarstøtte, prosjekt- og løyvingsøkonomi.
  • Overordna ansvar for eigedomsområdet, i hovudsak oppgåver knytt til arealforvaltning, koordinering av aktivitet og arealbruk, bygningsdrift, vedlikehald av bygningsmasse og innreiing, handtering av avtaler og leigetilhøve, samt prosjekt knytt til campusutvikling.
  • Økonomi-, personal- og resultatansvar for eiga eining.
  • Utgreiing og sakshandsaming for høgskulestyret
  • Sikre effektiv ressursbruk med god kvalitet, og sørge for kontinuerleg forbetring av rutinar, prosessar og digitale løysingar.
  • Samarbeid med andre institusjonar i sektoren innafor sitt ansvarsområde.

Arbeidsoppgåver og ansvar kan bli endra.

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

  • Gode muligheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Inkluderande miljø med engasjerte kolleger
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsettgoder og fordelar, mellom anna muligheit for trening i arbeidstida

Stillinga som økonomi- og eigedomssjef (stillingskode 1056 økonomisjef) er plassert i lønnstrinn 77 - 84 (752.800 – 919.700 NOK per år).


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen på telefon Logg inn for å se kontaktinformasjon.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på





Les mer om stillingen, fakta og søknadsprosess

Se flere annonser

Er du autorisert sykepleier og ønsker å bli en del av et organisert fagteam? Vil du også jobbe på et
10.08.2021 Flere steder
Stendi Seniors utrykningstjeneste i Asker og Bærum betjener nærmere 3000 brukere av trygghetsalarm. Vår oppgave er å rykke ut ved
16.09.2021 Flere steder
Stendi Senior drifter Risenga Bo- og Omsorgssenter i Asker. Sykehjemmet har 104 langtidsplasser fordelt på 6 avdelinger, i tillegg til
16.09.2021 Asker
Stendi er Norges største omsorgsaktør og driver landsdekkende virksomhet innen barnevern, bo- og omsorgstjenester, eldreomsorg, hjemmehjelp og personlig assistanse (BPA).
15.09.2021 Moss
Om Risenga Bo- og Omsorgssenter: Risenga Bo- og Omsorgssenter har 104 langtidsplasser fordelt på 6 avdelinger, i tillegg til Trygghetsavdelingen
15.09.2021 Asker
 Det er ledige BPA-stillinger (brukerstyrt personlig assistent) med tiltredelse snarest:  Følgende deltidsstillinger er ledige: 2 nattstillinger, med 1, 2 eller
14.09.2021 Trondheim
Vi søker etter en miljøterapeut til vårt tiltak på Moelv. Vår ambisjon er å være best på tilrettelegging av individuelle
14.09.2021 Ringsaker
Vil du være med å utvikle Norges største private helseforetak? Vi opplever høy aktivitet og trenger flere dyktige pasientkoordinatorer til
13.09.2021 Oslo
Vis alle 26.238 ledige stillinger
Høgskulen i Volda har om lag 3500 studentar og 350 tilsette og er organisert i 4 avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. I tillegg er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa lagt til høgskulen. Det vert gitt undervisning innafor ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen driv forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. Les mer om Høgskulen i Volda

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100% fast stilling som økonomi- og eigedomssjef frå 01.01.2022.

Økonomi- og eigedomssjef har ei strategisk rådgjevarfunksjon både overfor leiinga ved Høgskulen og underliggande einingar, og skal vere med på å sikre ei økonomisk berekraftig utvikling.

Økonomi- og eigedomssjef har det samla ansvaret for økonomiområdet og eigedomsområdet ved HVO, og skal syte for at Høgskulen stettar krav og forventningar frå sentrale myndigheiter og Høgskulen sitt styre innafor desse områda. Stillinga har det faglege ansvaret for økonomiprosessanse på tvers av alle einingar. Stillinga inneber å ha tett dialog med avdelingane og saman finne løysingar til beste for Høgskulen.

Økonomi- og eigedomsavdelinga har pt. 11 medarbeidarar, og Økonomi- og eigedomssjefen vil leie eit fagmiljø med dyktige og engasjerte tilsette. Til å støtte seg i arbeidet har Økonomi- og eigedomssjef ein driftssjef som har fagleg underansvar for eigedomsområdet. Høgskulen er leigetakar i husa på høgskuleområdet, og har ein campusutviklingsplan som vi skal realisere.


Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein analytisk leiar med evne til å tenke strategisk. Du må vere god til å byggje relasjonar, og stimulere til samarbeid og teambygging.

Vår nye økonomi- og eigedomssjef må ha erfaring får leiarstillingar innanfor økonomi og verksemdstyring. Du må ha erfaring med personalleiing, og evne til å få til utvikling.  

Den som vert tilsett må ha høgare økonomisk utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for kravet til utdanning

Økonomi- og eigedomssjef førebur saker som skal avgjerast av høgskulestyret. Du må difor ha gode analytiske evner, og vere god til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved Høgskulen er norsk. Du må ha god kjennskap til digitale verktøy og arbeidsflytar.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Du er engasjert, strukturert, løysingsorientert, og du har evne til å bygge tillit og motivere dei rundt deg. Du er tydeleg, tek ansvar, og har stor gjennomføringsevne. Som økonomi- og eigedomssjef må du trivast med tidvis stort arbeidstrykk, tidsfristar, høgt tempo og stort spenn i type oppgåver.

Arbeidsstad er i Volda.


Arbeidsoppgåver

Økonomi- og eigedomssjef har eit breitt ansvarsområde, og deltek både i administrativ og fagleg utvikling. Det blir forventa at alle leiarar ved Høgskulen bidreg både på det strategiske og det operasjonelle plan.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Leie og utvikle økonomi- og eigedomsavdelinga og bidra til å realisere overordna strategiske mål.
  • Gi råd til øvste leiing ved Høgskulen og dekanane ved avdelingane i saker som vedkjem økonomi og eigedom, både når det gjeld forvalting og utvikling.   
  • Overordna ansvar for økonomiområdet, i hovudsak oppgåver knytt til verksemds-, budsjett- og økonomistyring, rekneskap, innkjøp, rådgiving og leiarstøtte, prosjekt- og løyvingsøkonomi.
  • Overordna ansvar for eigedomsområdet, i hovudsak oppgåver knytt til arealforvaltning, koordinering av aktivitet og arealbruk, bygningsdrift, vedlikehald av bygningsmasse og innreiing, handtering av avtaler og leigetilhøve, samt prosjekt knytt til campusutvikling.
  • Økonomi-, personal- og resultatansvar for eiga eining.
  • Utgreiing og sakshandsaming for høgskulestyret
  • Sikre effektiv ressursbruk med god kvalitet, og sørge for kontinuerleg forbetring av rutinar, prosessar og digitale løysingar.
  • Samarbeid med andre institusjonar i sektoren innafor sitt ansvarsområde.

Arbeidsoppgåver og ansvar kan bli endra.

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

  • Gode muligheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Inkluderande miljø med engasjerte kolleger
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsettgoder og fordelar, mellom anna muligheit for trening i arbeidstida

Stillinga som økonomi- og eigedomssjef (stillingskode 1056 økonomisjef) er plassert i lønnstrinn 77 - 84 (752.800 – 919.700 NOK per år).


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen på telefon Logg inn for å se kontaktinformasjon.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på





Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Flere muligheter