Org.nr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon2 Stillingsident: PPT Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
PPT Alver har ledig 100% fast stilling som pedagogisk-psykologisk rådgjevar/ pedagog frå 01.09.2021.
PP-rådgjevar vil gå inn i eit av våre skuleteam og bistå med aktuell kompetanse. I tillegg vil ny PP-rådgjevar vere fastkontakt ute på skular.
Om PPT
Alver kommune ligg i god pendlaravstand nord for Bergen. Alver PPT er lokalisert i det nye Helsehuset, Kvassnesvegen 40. Her har vi fine lyse og moderne lokale, og gode mogelegheiter til samarbeid med andre tenester for barn og unge som er lokalisert i Helsehuset. Alver PPT har totalt 20 stillingar, beståande av pedagogisk-psykologiske rådgjevarar med solid fagleg bakgrunn i spesialpedagogikk, logopedi og psykologi. Alver PPT er ei kommunal teneste som er organisert i barnehageteam, skuleteam og utøvande team.
Arbeidsoppgåver
Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb, og vi søkjer deg som har engasjement og motivasjon for endringsarbeid. Sentrale oppgåver vil vere:
- Utgreiing og kartlegging på individ- og systemnivå
- Sakkunnig arbeid
- Rettleiing til pedagogisk personale i barnehage og skule
- Bidra med kunnskap- og kompetanseutvikling for tilsette i barnehage og skule
- Bistå og bidra med organisasjonsutvikling med fokus på endringsleiing
Kompetanse
Vi søkjer etter medarbeidar som:
- Har pedagogisk kompetanse på masternivå, relevant erfaring kan kompensere for utdanning. Cand.psychol kan ved særlege tilfelle bli vurdert inn i stillinga
- Har god rettleiingskompetanse i høve individ- og systemretta arbeid i barnehage og grunnskule
- Har generell god forståing for systemisk arbeid i endringsprosessar
- Har god relasjonskompetanse
- Har utgreiings- og testkompetanse
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har god evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Er fleksibel og løysingsorientert
Vi legg i tillegg vekt på:
- personlege eigenskapar
- godkjent politiattest
- førarkort klasse B
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Politiattest
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Bli kjent med Alver kommune
Link til søknadsskjema: For mer informasjon kontakt: , Bodil Rossnes, Mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon