<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Havforskningsinstituttet Me ser etter deg som har erfaring med kjemiske analysemetodar!

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ein av våre dyktige ingeniørar skal ha eitt års permisjon frå hausten av. Me søkjer difor etter deg som kan tenkje deg eit vikariat som ingeniør på laboratorium for kjemi- og framandstoff ved Havforskingsinstituttet, og som har lyst til å arbeida med mikroplastanalysar. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera ekstrahering og separasjon av mikroplast med kjemisk og enzymatisk nedbryting av biologisk materiale, og tettheitsseparasjon frå sediment.


Om laboratorium for kjemi og framandstoff

Laboratorium for kjemi- og framandstoff utfører analysar av uønskte stoff i mat og miljø. Hos oss vert det analysert prøvar av fôr, fisk og anna sjømat, dessutan plankton og sediment. Laboratoriet har ein moderne instrumentpark der hovudprinsippet er kromatografi kopla til massespektrometri. Laboratoriet er akkreditert etter NS-EN ISO 17025 og er nasjonalt referanselaboratorium (NRL). Me har etablert eit nytt og moderne laboratorium for analysar av mikroplast i mat og miljø, og no utviklar me metodikk for prøveopparbeiding.


Sentrale arbeidsoppgåver
  • metodeutprøving for opparbeiding og analyse av mikroplast i sjømat og sediment
  • arbeid med metodikk for ekstrahering og filtrering av mikroplast frå sjømat og sediment
  • prøveopparbeiding, analyse og vurdering av resultat
  • dagleg drift, vedlikehald av laboratorieutstyr og oppfylging og etablering av kvalitetssikringsrutinar

Arbeidet vil variere etter kva oppgåver laboratoriet har til ei kvar tid, og vil variere mellom å bidra i arbeid med etablering av nye metodar, og å jobbe etter etablerte rutinar og analyseprotokollar.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som har

  • relevant utdanning tilsvarande bachelor- eller mastergrad frå universitet eller høgskule innan analytisk kjemi, eller tilsvarande
  • gode datakunnskaper og erfaring med bruk av Excel
  • evne og motivasjon til å jobbe praktisk, og som likar å teste ut og etablere ny metodikk
  • erfaring frå etablering av kjemiske analysemetodar
  • god praktisk forståelse for analysearbeid

Det å kunne kommunisere godt på norsk er en forutsetning for stillinga. Arbeidsspråket på Havforskingsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for den tilsette og for instituttet.


Ønskjeleg kompetanse
  • gode engelskkunnskapar til å kunne halde deg oppdatert på engelsk faglitteratur
  • erfaring med utvikling av filtreringsteknikkar
  • erfaring med eller kjennskap til kvalitetssikringsarbeid

Personlege eigenskapar

Me på Havforskingsinstituttet er overbevist om at personlegdom verkar inn på korleis me jobbar, kommuniserer og trivs på arbeidsplassen. Hos oss vil du både arbeide sjølvstendig med etablering av kjemiske metodar, og i samarbeid med kollegaene dine på tvers av laboratorie- og forskingsgrupper. Me ser difor etter deg som

  • har gode kommunikasjonseigenskapar
  • har utprega lagkjensle ,og fremjer denne
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • samarbeidar godt med ulike menneske, og trivs med tverrfagleg samarbeid

Me  vektlegg fleksibilitet. Det er viktig at den som vert tilsett er fleksibel med tanke på å ta på seg oppgåver som er naudsynte for den daglege drifta.

Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.

Dersom det fins kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava .

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.


Me tilbyr
  • arbeid i ein av dei leiande forskingsinstitusjonane i Europa, med stor samfunnsmessig relevans
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • lokalar sentralt i Bergen
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag
Ytterlegare informasjon

Stillinga vert lønt i stilling 1085 avdelingsingeniør/1087 overingeniør, i samsvar med hovudtariffavtalen i staten. Stillingskode er avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte seksjonssjef ved laboratorium for kjemi- og framandstoff Bergitte Reiersen på telefon Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller e-post Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Besøk gjerne nettsidene våre på www.hi.no .


Havforskingsinstituttet feira 120 år!

Me feirar over hundre år med havforsking!





Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

1 ledig stilling

Se flere annonser

Vi søker nå etter en erfaren anleggsmekaniker som vil være tilknyttet vår maskinavdeling i Hokksund. Maskinavdelingen tilhører NCC Avdeling Tunnel, som er
01.04.2024 Øvre Eiker
Til vår Avdeling Tunnel søker vi nå etter Ressursleder til våre yrkesarbeidere. Som Ressursleder har du personalansvar for ca. 70 yrkesarbeidere i
01.04.2024 Oslo
Stein inngår i nesten alt vi omgir oss med til daglig. Det er utenkelig for et moderne samfunn å klare
07.04.2024 Strand
Vil du være med å forme morgendagens helsetjeneste? Aleris Frogner er Norges største private sykehus og holder til i nyoppussede og
Snarest Oslo
Vil du være med å forme morgendagens helsetjeneste? Aleris Frogner er Norges største private sykehus og holder til i nyoppussede og
Snarest Oslo
Vi søker nå etter en ny leder som skal lede  vår driftskontrakt videre! Om du er interessert i å levere resultater
31.03.2024 Skien
Nyutdannet, idérik lagspiller til vår Laboratorievirksomhet i Nord Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, asfaltvirksomhet, anlegg og driftskontrakter over
30.04.2024 Bardu
Nyutdannet, idérik lagspiller til vår asfaltvirksomhet i Trøndelag? Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, asfaltvirksomhet, anlegg og driftskontrakter over
30.04.2024 Hele Trøndelag
Vis alle 27.677 ledige stillinger

Fakta om Havforskningsinstituttet