<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Stipendiat i filosofi

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig to stillingar som stipendiat i filosofi. Planlagt oppstart er 1. januar 2022. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelornivå i filosofi og retorikk, og på master- og ph.d.-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod, samt Examen facultatum-emne ved Det humanistiske fakultet. Forskinga ved instituttet spenner over eit vidt område. Ei oversikt over forskingsgruppene på instituttet kan ein finne her: . 


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i filosofi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må meistre engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel med norskkunnskapar

Søkjar må ha etablert kontakt med ein rettleiar blant dei fast tilsette ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, og søknaden må innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Ta kontakt med instituttleiar Steinar Bøyum, e-post eller tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon ved behov.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt størst vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, men dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane vil også bli tillagt vekt. Prosjektet må passe inn i ei av instituttets forskingsgrupper.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Ein vesentleg del av ein eventuell pliktarbeidsperiode vil omfatte undervisning, rettleiing og vurderingsarbeid ved Examen philosophicum og/eller andre innføringsemne ved Det humanistiske fakultet. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 490.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)
  • Stadfesting frå hovudrettleiar ved instituttet

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Steinar Bøyum, e-post eller tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: .

Nærare om utforming av søknad .

Nærare om tilsettingsprosessen .

Søknadsfrist: 27.08.2021

UiB-id: 21/8564


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAR 29
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAR 31
    2024
    20 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 01
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 02
    2024
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 03
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 04
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter

Se flere annonser

Aleris Frogner er Norges største, private sykehus og holder til i Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo. Sykehuset har
Snarest Oslo
Bli en del av et fremadstormende og energisk team i Tromsø og Bardufoss! Les mer om stillingene her
Fortløpende Flere steder
Vil du spille en viktig rolle i et samfunnskritisk oppdrag? Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra
30.04.2024 Flere steder
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Oslo
Om oss Jernbanesektoren satser på vedlikehold – for at flere kan ta mer tog må vi ta vare på det
01.04.2024 Oslo
I forbindelse med økt oppdragsmengde, søker vi etter Prosjektleder VVS/Ventilasjon til vår avdeling. Avdelingen har 80 medarbeidere og en omsetning
15.04.2024 Trondheim
I forbindelse med økende oppdragsmengde søker vi etter en/flere servicefolk til vår avdeling. Avdelingen har 20 medarbeidere og en omsetning
30.04.2024 Lillehammer
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
Vis alle 39.517 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen