<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Ryfylkemuseet Vi har ledig full, fast stilling som museumspedagog

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ryfylkemuseet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda. Formidlingsavdelinga har gått gjennom ein større omstrukturering i 2020, og stillar nå med nytt team av tre faste tilsette. Temaet består av ein avdelingsleiar/ forskar, ein publikumsansvarleg og ein museumspedagog. I tillegg kjem eit varierande tal sommarvertar og midlertidig tilsette. Avdelinga har eit breitt arbeidsfelt med stor variasjon i kvardagen. Vi har hatt ein generasjonsskifte, og det inneber god moglegheit til å evaluere organisasjonsstrukturen og oppgåvefordelinga. Den som blir tilsett, vil difor kunne vere med og påverke utviklinga i avdelinga og eiga stilling betydeleg.

Om stillinga

Ryfylkemuseet har ledig fast stilling som museumspedagog i 100%. Som museumspedagog vil du ha hovudansvar for utvikling og gjennomføring av:

  • Pedagogiske formidlingsopplegg for skule og barnehage
  • Formidlingsopplegg og omvisingar for andre målgrupper

Dessutan vil viktige arbeidsoppgåver vere:

  • Delta i utvikling og formidling av faste og mellombelse utstillingar på museet
  • Utvikling og produksjon av nye formidlingsopplegg og innhald for digitale kanalar
  • Kontakt med skular, barnehagar og DKS
  • Utvikle og gjennomføre prosjekt innan satsinga <>, deriblant vidareutvikle hotspot-konseptet
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Bistå i planlegging og gjennomføring av sommarsesong
  • Vere aktiv i faglege nettverk, internt og eksternt
  • Bidra til utviklingsarbeid og felles prosjekt i avdelinga og museet elles
  • Bidra til god HMS, opplæring av museumsvertar og miljøarbeid i museet
  • Oppfølging av og samarbeid med frivillige

Arbeidet ved museet er delvis prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Du må også rekne med ein del reiseverksemd.

Vi søkjer ein engasjert, sjølvgåande og innovativ person, som trivs med menneskjer og er god på å bygge nettverk og å kommunisere. Du vil vere med å utvikle og styrke museet som arena for kunnskap og opplevingar.

Det er ulike fagbakgrunnar og kompetansar som kan vere interessante for stillinga. Vi vil vurdere kompetansen din ut frå korleis den passar inn og styrker kompetansen i avdelinga som heilheit. For oss er det viktig at du passar inn i teamet, og vi vil difor legge vekt på personleg dugleik.

Kven ønskjer vi oss

Vi ønskjer oss ein ny kollega som er sjølvstendig og uredd, og som brenner for formidling, særleg til barn og unge. Som del av eit team må du kunne levere det du lova, fungere godt i lag med dei andre og vere ein positiv stemme i arbeidsmiljøet. Viss du har spesiell interesse og/ eller kompetanse innan satsingane våre (tradisjonshandverk, folkemusikk, kulturell mangfald og inkludering), er det ein fordel.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har

  • erfaring frå museum eller anna kulturformidling.

  • høgare utdanning innan relevante fag, til dømes etnologi, handverksfag, folkemusikk, kulturhistorie, mm.

  • pedagogisk utdanning.

  • gjerne erfaring med digital formidling.

  • erfaring med utøvande formidling for barn og unge

  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

  • førarkort.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • får ting til å skje, tek ansvar og likar å jobbe med utvikling.

  • liker å ha mange ballar i lufta samtidig, men også klarer å få dei ned.

  • er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.

  • er omgjengeleg, sosialt sikker og samlande.

Vi veit at ingen kan alt, men viss du kjenner deg igjen i mykje av det du har lest, vil vi veldig gjerne møte deg.

Anna informasjon

Vi kan tilby:

  • eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer

  • god pensjons- og forsikringsordning

  • løn etter avtale og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten

  • fleksibel arbeidstid

  • hjelp til å finna bustad i Suldal

  • moglegheit for fagleg utvikling

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Anna Ehrhardt, Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller publikumsansvarleg Elisabeth Figenschou, Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Søknadsfrist:05. september

Søknad vedlagt CV og kopier av vitnemål skal sendast som e-post til , eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand.



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Les mer om Ryfylkemuseet

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAR 29
    2024
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Flere muligheter
2 ledige stillinger

Se flere annonser

Aleris Frogner er Norges største, private sykehus og holder til i Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo. Sykehuset har
Snarest Oslo
Bli en del av et fremadstormende og energisk team i Tromsø og Bardufoss! Les mer om stillingene her
Fortløpende Flere steder
Vil du spille en viktig rolle i et samfunnskritisk oppdrag? Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra
30.04.2024 Flere steder
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Oslo
Om oss Jernbanesektoren satser på vedlikehold – for at flere kan ta mer tog må vi ta vare på det
01.04.2024 Oslo
I forbindelse med økt oppdragsmengde, søker vi etter Prosjektleder VVS/Ventilasjon til vår avdeling. Avdelingen har 80 medarbeidere og en omsetning
15.04.2024 Trondheim
I forbindelse med økende oppdragsmengde søker vi etter en/flere servicefolk til vår avdeling. Avdelingen har 20 medarbeidere og en omsetning
30.04.2024 Lillehammer
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
Vis alle 39.101 ledige stillinger