<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest Seniorrådgjevar

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved regionskontoret har vi ledig fast 100 % stilling som seniorrådgjevar. Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse. Seniorrådgjevar vil leie og ha ansvar for framdrift i ulike prosjekt.   

Vi ser etter ein kollega med høg omstillingsevne og grunnleggjande positiv haldning til utviklingsarbeid.

Bufetat, region vest har blant anna ansvar for godkjenning og kvalitetetssikring av statlege og private barnevernsinstitusjonar, behandling av adopsjonsøknader og familievernet. 

Stillinga som seniorrådgjevar er for tida plassert under avdelingsdirektør med ansvar for omsorg og behandlings einingar i regionen.

Arbeidstad vil vere ved regionskontoret i Bergen. Det må påreknast litt reiseverksemd i regionen.  


Kva får du jobbe med hjå oss?

Seniorrådgjevar vil få oppdrag direkte frå regionsleiinga, vera implementeringsansvarleg for nye faglege metodar og behandlingsprogram, og utøve utviklingsarbeid knytt til tiltaksutvikling/forsyningsstrategi og prosjektleiing. Seniorrådgjevar skal representere regionen i ulike faglege prosjekt internt og eksternt, og ha tverrfagleg samarbeid med andre etatar knytt til barnevernsreform/oppvekstreform.   

Vi søkjer deg som er nytenkande, handlekraftig og oppteken av fagutvikling. Vi tilbyr jobb i lærande miljø, innan eit krevjande fagområde som er i stadig utvikling. Du vil jobbe tett saman med eit psykologteam som har ansvaret for kvalitetssikring av det miljøterapeutiske arbeidet i dei statlege barnevernsinstitusjonane i region vest.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høve til utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging og spennande utfordringar i framtidig utvikling av Bufetat si tenestekatalog.


Kva for ein bakgrunn har du?
  • Utdanning på masternivå innan barnevern/sosialfag, prosjektleiing, leiing, ev. anna relevant fagområde 
  • Søkjar med bachelorgrad med vidareutdanning innan barnevern/sosialfag med lang erfaring frå fagfeltet kan også bli vurdert
  • Erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon og leiarerfaring, gjerne med erfaring frå endringsprosessar
  • Gode norsk kunnskapar og god munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Vi ønskjer også at du har:

  • Interesse for kunnskapsbaserte og evidenbaserte tilnærmingar innanfor fagfeltet ungdom med samansette og særskilte omsorgs- og behandlingsbehov
  • Arbeidserfaring frå sosialt arbeid/miljøterapi
  • Generell metodisk og praktisk kunnskap om personalleiing
  • Du deler kunnskap og involverer andre, har høg kapasitet og arbeidstempo som du ønskjer å bruke til måloppnåing i tråd med regionen si utvikling av tenester.
Dette får hos oss?
  • Stillinga  er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1364  seniorrådgjevar, p.t. kr 563 900-752 800 pr.år (ltr. 62-77).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadån til konkurransedyktige vilkår og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

I tillegg kan vi tilby:

  • Eit engasjert stort og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer. 
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til regionskontoret i Bergen.
  • Politiattest må fremleggjast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønskjet ditt ikkje vert teke til følge.

Kontaktinformasjon

Avdelingsdirektør Idar Krumsvik,   tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.





Om arbeidsgiveren

Om Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen. 

Bjørgvin ungdomssenter har som målgruppe ungdom i alderen 13-18 år med rusmisbruk som hovudproblematikk. Senteret har plass til 8 ungdommar, fordelt på to avdelingar med 4 plassar på kvar avdeling. Avdelingane ligg på Bønes i Bergen. Plasseringsgrunnlag er §§ 4-26/4-24 i Lov om barneverntjenester. Bjørgvin Ungdomssenter driv rusbehandling i henhold til spesifikk metode: Læringsbasert rusbehandling (LBR).

Les mer om Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vil du være med å forme morgendagens helsetjeneste? Aleris Frogner er Norges største private sykehus og holder til i nyoppussede og
Snarest Oslo
Ønsker du å jobbe med landets fremste kompetansemiljø innen tannhelse?Oris Dental Moa åpner 1. juni sentralt på Amfi Moa i
02.04.2024 Ålesund
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
03.04.2024 Oslo
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
02.04.2024 Oslo
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
24.03.2024 Oslo
Om trainee-stillingen:Som trainee vil du ta del i rådets daglige drift, men du vil også få et særlig ansvar for
01.04.2024 Nordkapp
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
03.04.2024 Oslo
Forsvarsbygg på Jørstadmoen treng sommarvikarar til ulike oppgåver. Vi ønsker å tilsette ca. 2-3 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift
19.04.2024 Lillehammer
Vis alle 39.811 ledige stillinger

Fakta om Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest