Vil du jobbe med analyse for å sikre dei norske grensene i ei verksemd som investerer tungt i ny teknologi?
Etterretningsdivisjonen skal bidra til meir etterretningsbasert og analysedriven kontrollverksemd i tolletaten. Vi utviklar avanserte digitale løysingar innanfor etterretning og analyse av store datamengder og utarbeider etterretnings- og analyseprodukt til støtte for heile etaten.
Som analytikar vil du levere analyseprodukt for å dekkje etterretningsbehovet i tolletaten på strategisk, taktisk og operativt nivå innanfor fleire fagområde i etaten. Du vil òg bidra til å vidareutvikle divisjonen og etterretningssatsinga til Tolletaten. Tolletaten har dei seinare åra gjort ei betydeleg investering i nye digitale verktøy og har marknadsleiande teknologi og analyseplattformer.
I stillinga vil du ha eit løpande samarbeid internt i divisjonen, med etterretningsmiljøa i etaten og med samarbeidande myndigheiter i inn- og utland. Dette arbeidet stiller særlege krav til handtering av sensitiv informasjon.
Avdelinga er breitt samansett med høgt kvalifiserte medarbeidarar med bakgrunn frå tolletaten, etterretnings- og tryggingstenestene og sivile analysemiljø. Analytikarane våre jobbar med komplekse problemstillingar og store datamengder knytte til handhevinga av lovverket til 20 samarbeidande myndigheiter. Vi samarbeider tett med samanliknbare analysemiljø i og utanfor Tolletaten.
Hovudoppgåvene dine:
- utarbeide strategiske og operative etterretnings- og analyseprodukt
- analysere moglege aktørar og nettverk i tillegg til trendar og utviklingstrekk innanfor ansvarsområdet til etaten
- sørgje for god informasjonsutveksling, kunnskapsformidling og koordinering med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
- bidra til å utvikle analysemetodar og arbeidsprosessar knytte til tolletaten sine nye digitale analyseverktøy
Dine kvalifikasjonar:
- relevant mastergrad (bachelorgrad og god realkompetanse kan erstatte kravet om mastergrad)
- erfaring frå analysearbeid eller tilsvarande strukturert problemløysing
- erfaring med å jobbe i team/prosjekt
- svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
Eigenskapane dine:
- analytisk og utviklingsorientert
- lagspelar som liker å jobbe i og leie team
- god til å strukturere oppgåver og problemstillingar
- engasjert og positiv
- kommuniserer godt med forskjellige typar menneske
I tillegg blir du motivert av samfunnsoppdraget til etaten, og du identifiserer deg med dei personalpolitiske verdiane våre ved å ha integritet og ved å vere vere mål-, resultat- og utviklingsorientert og inkluderande.
Vi tilbyr:
- utfordrande og interessante arbeidsoppgåver for ein viktig samfunnsaktør
- marknadsleiande analyseteknologi
- lønn som rådgivar/seniorrådgivar etter Statens regulativ kr 534 400–734 400 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
- gode arbeidstidsordningar som fleksitid og høve til å trene i arbeidstida
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- arbeidsstad sentralt i Oslo i nyoppussa lokale i Tollboden like ved Oslo S
Den som blir tilsett, må kunne tryggleiksklarerast for graden hemmeleg.
Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Ta med originale attestar og vitnemål dersom du blir kalla inn til intervju.
Meir informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsdirektør William Foss , 936 50 854, eller seniorrådgivar Øyvind Bjerknes, 922 62 032.
Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.