<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

SFE PRODUKSJON Vil du vere med og leie arbeidet vårt for framtidas klimaløysingar?

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og FN sine berekraftsmål, syner tydeleg at fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

I SFE Produksjon sine 26 kraftstasjonar gjer vi kvar dag rein vasskraft om til fornybar energi, og vi er i ferd med å auke bidraget vårt gjennom bygging av nye vind- og vasskraftverk.

SFE Produksjon har for tida ein stor portefølje av prosjekt, både nyutbyggingsprosjekt og større og mindre rehabiliteringsprosjekt.

Vi har eit godt fagmiljø med brei og variert kompetanse innan prosjektutvikling og produksjon av fornybar energi. Vi treng deg som lagleiar i vårt framtidsretta arbeid.

Som Teknisk sjef i produksjonsverksemda vår vil du først og fremst vere med å leie og påverke eit arbeid som både gir meining og skapar stoltheit i organisasjonen. Du vil møte ein fornybar-produsent som er framoverlent når det gjeld berekraft, sirkulerøkonomi og miljø. Som Teknisk sjef skal du først og fremst sikre ei god forvaltning, utvikling og verdiskaping for våre fornybaranlegg og -- ressursar. Du vil ha ei sentral leiarrolle i ein organisasjon med høg fagleg kompetanse og medarbeidarar med eit sterkt eigarskap og engasjement. Du har eit overordna ansvar for våre fagmiljø innan miljø, maskin, elektro, automasjon og bygg, og der kontinuerleg kompetanseutvikling og høg eigenproduksjon i alle arbeidsprosessar står sentralt. Vi er ein dynamisk og utviklingsorientert organisasjon, der IKT/digitalisering -- ofte gjennom eigenutvikla system - er eit godt etablert tankesett og viktige hjelpemiddel for utvikling og forbetring.

Dine oppgåver:

  • Leie og organisere selskapet si Tekniske avdeling for fornybarproduksjon
  • Utvikling av policy, mål og strategiar samt heilskaplege planar for forvaltning og utvikling av våre anlegg. Dette med sikte på optimal verdiskaping frå fornybarproduksjon på ein berekraftig måte.
  • Gjennomføring av aktuelle policy og strategiar for måloppnåing.
  • Delta i selskapet si leiargruppe og bidra til god samordning mellom ytre drift, produksjonssentral, krafthandel og prosjektgjennomføring.
  • Vidareutvikle metode og system for effektiv anleggsforvaltning på ein systematisk måte med målretta bruk av digital teknologi.
  • Selskapet sin anleggseigar og bestillar av drifts-, vedlikehalds- og rehabiliterings-tiltak for våre kraftverk og anleggsmasse.
  • Leie og koordinere arbeid med fagleg utvikling i våre faggrupper som er organisert på tvers av avdelings-/linjestrukturen.
  • Personal- og budsjettansvar for avdelinga
  • Evt dagleg leiar-funksjon og/eller styrefunksjon i dotter-selskap / seskap der SFE-Produksjon har eigarinteresser

Bakgrunn:

  • Høgare teknisk utdanning
  • Erfaring knytt til vedlikehaldsleiing og anleggsutvikling
  • Erfaring med system og metode for vedlikehaldsleiing
  • Leiarerfaring

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, samt evne til å skape engasjement og samhandling
  • Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • Utviklingsorientert - prosess-innovasjon
  • Er tydekleg og ein god rollemodell når det gjeld HMS
  • Oppteken av å vere ein samfunnsbyggar og vareta og utvikle distriktet/regionen

SFE arbeider aktivt og målretta for eit større mangfald og oppmodar også kvinner om å søke på stillinga




Adresse: Sandane

Om arbeidsgiveren

SFE Produksjon er eit dotterselskap i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Selskapet er fornybarprodusenten i konsernet, og har for tida ei stor portefølje når det gjeld utvikling og gjennomføring av utbyggings- og rehabliteringsprosjekt innan vasskraft. I tillegg er vi engasjert i fleire vindkraftprosjekt. Vi ønskjer å nytte våre pågåande prosjekt til å sikre og bygge eigen fagkompetanse for framtida.

Les mer om SFE PRODUKSJON

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Vis alle 34.383 ledige stillinger

Fakta om SFE PRODUKSJON