Om stillinga
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig ei fast stilling frå snarast.
Avdelinga har tre seksjonar og ansvar for rettleiing, tilsyn, behandling av klager og andre forvaltningsoppgåver.
Fylkeslegen/avdelingsdirektøren leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, samfunnsfag og administrasjon. Vi har tett kontakt med kommunar, nasjonale styresmakter og andre offentlege instansar. Stillinga er knytt til seksjon for kommunehelse og -omsorg, og har kontorstad i Bergen.
Arbeidet er variert og i stor grad tverrfagleg.
Arbeidsoppgåvene omfattar ulike kontorfaglege oppgåver etter behov, oversikt og behandling av til dels komplekse saker innan forskjellige fagområde, og i nært samarbeid med andre tilsette.
Kvalifikasjonar
- Du må ha minst treårig vidaregåande skule eller fagbrev.
- Erfaring frå offentleg forvaltning, saksbehandling og tilskotsforvaltning er naudsynt.
- Erfaring med å løyse oppgåver nøyaktig og innan korte fristar er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Du må vere serviceinnstilt, ha evne å setje deg inn i nye oppgåver og like å samarbeide med andre.
- Vi legg vekt på gode samarbeidsevner, systematisk arbeid og fleksibilitet.
- Du må kunne nytte båe målformer. Vi ber om å få lagt fram arbeid som viser dette i praksis. Aktuelle søkjarar til stillinga blir bedt om å avleggje skriveprøve.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode førstekonsulent, seniorkonsuelt eller rådgjevar, frå kr 450 000 - 550 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av hjå