Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon06 Presentasjon av stillingen:
Heimetenesta indre Sula treng vikar med sjukepleiekompetanse. Vi søker difor etter autorisert sjukepleiar for å dekke opp fråvære i perioden 10.1.22-31.12-22.
Avdelinga har base ved Nausthaugen.
Arbeidsoppgåver
Eininga har brukarar i alle aldersgruppe, og hjelpebehovet varierer frå bistand til daglege gjeremål, sjukepleieprosedyre , personleg stell og pleie. Samt pleie av alvorleg sjuke og døyande.
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar.
Personlege eigenskapar
Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein trygg, stabil, løysingsorientert, plikoppfyllande og positive kollega med god framferd.
Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar
Du må ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar
Arbeidet kan vere fysisk krevjande
Det krevas datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Det vert stilt krav om førarkort og politiattest
Oppgje referanse.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø, ei stabil og sosial personalgruppe med særs god fagkompetanse.
Fagleg utfordrande arbeidsoppgåver.
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Opplæring
Arbeidstøy.
Contacts
Torunn Veddeng, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Location
6030
Apply for position:
Key information:
Employer:Sula kommune
Reference number:Logg inn for å se kontaktinformasjon06
Percentage of full-time: 80%
Vikar
Start date: 10.01.2022
End date: 31.12.2022
Application deadline: 19.12.2021