<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Osterøy kommune Valestrand skule Osterøyskulen søkjer kunnskapsrike og engasjerte lærarvikarar!

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Osterøyskulen har behov for engasjerte og kunnskapsrike lærarvikarar med snarleg oppstart og ut skuleåret 2021/22. 

Osterøy kommune har fem kommunale grunnskular, derav ein ungdomsskule, samt eit senter for vaksenopplæring. I tilsetjinga har ein fokus på eit elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del og kapasitet til klasseleiing. Skulane har gjennom fleire år fokusert på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse. 

Du kan lese meir om skulane våre her: 

I Osterøyskulen har ein behov for å fylle følgjande stillingar for å gje eit heilskapleg, godt tilbod til elevane i kommunen: 

Fotlandsvåg skule: 

Fotlandsvåg skule ligg fint plassert i Fotlandsvåg på Osterøy. Eit dyktig og triveleg personale arbeidar kvar dag med å gje elevane eit trygt og godt skulemiljø. 
Ved Fotlandsvåg skule vert det ledig eit 100% vikariat med oppstart 01.01.2022 eller snarast råd, med varigheit ut inneverande skuleår. Det er primært ønskjeleg med undervisningskompetanse i 1.-7.trinn.
Om dette verkar interessant vel du Fotlandsvåg skule i menyen til høgre og deretter send søknad. Ein kan og ta direkte kontakt med kontaktperson ved spørsmål eller ønskje om meir informasjon om stillinga! Kontaktperson er rektor Kjell Haugland. tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon/Logg inn for å se kontaktinformasjon @: Logg inn for å se kontaktinformasjon 

Valestrand skule: 

Valestrand skule har eit flott utearel og ligg bere ein spasertur unna fergekaien som tek deg over til Breistein på 15 minutt! 
Ved Valestrand skule vil det bli behov for lærarvikarar med oppstart i månadsskiftet februar/mars og ut skuleåret, med mogleik for forlenging. Det er ønskjeleg med undervisningskompetanse på 1.-7.trinn. 
Om dette verkar interessant vel du Valestrand skule i menyen til høgre og deretter send søknad. Ein kan og ta direkte kontakt med kontaktperson ved spørsmål eller ønskje om meir informasjon om stillinga! 

Kontaktperson er konstituert rektor Tove Balestrand. 
tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon 
@: Logg inn for å se kontaktinformasjon 

Haus skule: 

Haus skule ligg flott til i Haus, berre ein kort køyretur unna Osterøybrua som tek deg over til fastlandet! Skulen har eit flott uteareal!Ved Haus skule er det behov for ein mellombels stilling frå snarast og ut skuleåret 2021/22, med mogleik for forlenging. Det er ønskjeleg med undervisningskompetanse på 1.-7.trinn. 

Om dette verkar interessant vel du Haus skule i menyen til høgre og deretter send søknad. Ein kan og ta direkte kontakt med kontaktperson ved spørsmål eller ønskje om meir informasjon om stillinga! 

Kontaktperson er rektor Tove Ludvigsen. tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon/Logg inn for å se kontaktinformasjon @: Logg inn for å se kontaktinformasjon 

Merk:

Det kan og verte behov for lærarvikarar ved Lonevåg skule og Osterøy ungdomsskule, så skriv gjerne i søknadsteksten om du kunne vore interessert i å arbeide ved dei skulane og.

Informasjon om søknad

For å søkje på stilling på ein av dei ovannemnde skulane vel du skule til høgre i annonsa. Om du ynskjer å søkje på stilling ved fleire av skulane må du presisere dette i søknaden din. Alle søknadar skal registrerast via rekrutteringssystemet EasyCruit. 

Arbeidsoppgåver: 

Undervisning 

Planleggje og leie arbeidet med elevane si læring, individuelt og i lærande team 

Arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø 

Samarbeide på team og vere aktiv bidragsytar i felles skuleutviklingstid 

Leggje til rette for eit godt skule-heim-samarbeid 

Kvalifikasjonar:

Godkjend pedagogisk lærarutdanning frå høgskule eller universitet, med gode kunnskapar både fagleg og didaktisk 

Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar 

Du kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev 

Du har god nynorsk framstilling 

Du har god digital kompetanse 

Personlege eigenskapar

Me ynskjer tydelege lærarar med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner, samt god relasjonskompetanse 

Du har evne til å arbeida systematisk, nøyaktig og gjennomføra god undervisning 

Du har god arbeidskapasitet, endringskompetanse og evne til å ta ansvar 

Du er utviklingsorientert og har høge ambisjonar for elevane, kollegaer og deg sjølv 

Søkjarane vil verte vurdert i høve personlege eienskapar og kva kompetanse skulane treng. 

Me tilbyr: 

Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon 

Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer 

Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar 

Løn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 

Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift 

Anna informasjon:

Søkjarlister er offentlege

Søknader skal registrerast elektronisk via søknadsportalen

I tråd med opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav om politiattest ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn 3 md. 

For meir informasjon om den einskilde skulen, ta gjerne kontakt med kontaktperson på den aktuelle skulen.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande i etterkant av søknadsfrist.

Link til søknadsskjema:

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna Les mer om Osterøy kommune Valestrand skule

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
05.05.2024 Kvinnherad
Vis alle 34.373 ledige stillinger

Fakta om Osterøy kommune Valestrand skule