Ung, livleg og aktiv jente i staren av 20-åra søker trivelege, rolege og omgjengelege assistentar til mitt aller første BPA-team.
Ein funksjonsnedsetnad gjere at eg trenger assistanse til det aller meste døgnet rundt. Alt frå mine basale behov til å kommunisere, forflytte meg, dagelege gjeremål og husarbeid, samt fylle mine sosiale behov. Eg trenger assistanse til å leve så fritt og sjølvstendig som eg sjølv ynsker. Eg kan gå så lenge eg har ei trygg hand å halde i og krev ingen tunge løft.
Eg er ei intelligent, engasjert og blid jente med ein viljestyrke utan grenser som vel å sjå mogelegheiter framfor begrensinger. Eg har interesse for interiør, fotografering, trening, skjønnheit og velvære. Eg er veldig glad i å vere fysisk aktiv og vil aktivt delta på alle område, samstundes som eg har eit stort behov for kvile, restitusjon og ro då eg vert fort sliten.
Som mine personlege assistentar vil de komme veldig tett på meg. Difor er det fint om vi deler nokre interesser og har samme verdier. Det vil og vere viktig med positiv og kreativ tilnærming til små og store utfordringer i kvardagen.
Det vil bli utarbeidt ein arbeidsplan på 12 veker. Arbeidstid vil vere dag, natt og helg, samt helgedager. Det vil vere mogelegheit for ekstra arbeid ved tilkalling og ferie. Arbeidsstad vil hovudsakleg vere i min bustad og mitt nærmiljø. Det kan og vere aktuelt å vere med på reiser, treningsopphald og ferier i innland og utland. Arbeidsdagane kan vere rutineprega og varierte alt etter behov.
Stillingskrav:
Ynska eigenskaper:
Formell utdanning er ingen føresetnad. Erfaring med liknande arbeid vert sett på som positivt, men ikkje eit krav. Det aller viktigaste er at vi vert godt kjent med kvarandre, trivst saman og vert eit godt team. Difor føretrekker eg søkarar som er innstilt på eit langvarig arbeidsforhold då dette tek tid, samstundes som eg er totalt avhengig av trygge og gode rutiner for å fungere.
Vi vil sørge for god opplæring, ein jobb med mennesket i fokus, eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø, samt ryddige og gode arbeidsvilkår etter tariffavtale med Fagforbundet. De vil ha Uloba AS som formell arbeidsgjevar, men det er eg som vil vere fungerande arbeidsleiar for mine assistentar. Per april 2021 er minimum timeløn 186,24 kroner + tillegg for natt og helg, samt helgedagstillegg og ansiennitetstillegg. Sjå gjerne uloba.no for meir informasjon.
Stillingstittel: Brukarstyrt personleg assistent
**Ledige stillingar:**4 faste stillinger
**Stillingsprosent:**50 - 100 %
Stad: Øvre Årdal
Tilsetting: Frå oktober 2021
Søknadsfrist: Snarast
Er dette av interesse, kan spørsmål om stillingane, søknad og CV med referansar sendast til . Søknader og intervju vert behandla fortløpande. Vi gleder oss til å høyre frå Dykk!
Tiltredelse | Stillingstype | |
---|---|---|
Etter avtale | Fast ansettelse, Deltid | |
Arbeidssted | Yrker | Fagområder |
Årdal | Ikke oppgitt | Ikke oppgitt |
Arbeidserfaring | Utdanningsnivå | Bransjer |
Se annonsen | Se annonsen | Ikke oppgitt |
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.
Du kan legge til et personlig notat (kun synlig for deg)
Vi sender deg stillinger som dette automatisk (basert på Yrke(r), Fagområde og Sted i annonsen)