Er du oppteken av nyhende og vil ha ein spennande og variert jobb?
Kvinnheringen er på jakt etter ein journalist! Er du den vi leitar etter? Vi kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag saman med ein kjekk gjeng, der du får vera med på å informera og engasjera lesarane i Kvinnherad gjennom store og små nyhende frå lokalsamfunnet vårt. Likar du å snakka med folk, og er oppteken av kva som skjer i samfunnet – ja, då kan denne jobben vera perfekt for deg!Kanskje har du ein eller fleire av desse personlege eigenskapane?
- Du bør ha relevant utdanning eller erfaring, men det er ikkje eit absolutt krav
- Du likar å arbeida sjølvstendig og vera kreativ, men kan òg samarbeida med andre
- Du likar å snakka med folk og få fram dei gode historiene
- Du er oppteken av det som skjer rundt deg i lokalsamfunnet og ser verdien av god lokaljournalistikk
- Du likar å skriva og fotografera
Vi kan tilby:
- Eit svært godt arbeidsmiljø i ein digitalfokusert redaksjon i nye lokale på Husnes, i vakre Kvinnherad kommune
- Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk
- Variert og spennande arbeid, der du blir ein del av turnusen i redaksjonen
- Mange gode kurs og utviklingsmogelegheiter i landets største lokal-aviskonsern
- Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lokaljournalistikken
- Løn etter avtale
Kvinnheringen er også på jakt etter ein journalist som kan gå inn i eit langtidsvikariat fram til mars 2023, i tillegg til sommarvikarar. Sjå eigen annonse (https://amedia.recman.no/job.php?job_id=250133)!
Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring. Du må ha førarkort og disponera bil, og kunna skriva god nynorsk. I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, strøyming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du også få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.
Dersom dette verkar spennande, send oss ein søknad med CV og referanse, då vel!
Søknadsfrist er 20. februar 2022.
Om du ønsker ein prat og litt meir informasjon, kontakt fungerande dagleg leiar og redaktør Håvard Røyrvik på eller
Logg inn for å se kontaktinformasjon . Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætre på
Logg inn for å se kontaktinformasjon eller ring
Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Kvinnheringen er ei lokalavis eigd av Amedia, du kan lesa meir om korleis det er å jobba i Amedia. ()
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon