Om stillinga:
Det er ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgivar (førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar) i Olje- og energidepartementet. Me søkjer deg som er samfunnsinteressert, som kan gi solid kommunikasjonsfagleg støtte, og som trivst på reisefot og med høgt tempo. Som medarbeidar i Kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med fem erfarne kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.
Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar blant anna:
Nødvendige kvalifikasjonar:
Stillinga krev sikkerheitsklarering.
Personlege eigenskapar:
Me søkjer ein person som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert. Du har stor arbeidskapasitet, set deg raskt inn i ulike saker og trivst med eit høgt arbeidstempo.
I staten får du mellom anna fleksitid, lønna overtid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også moglegheit til å trene i arbeidstida.
Stillinga er ein del av vaktordninga i kommunikasjonseininga, og du må rekne med tidvis kvelds- og helgearbeid. Det er også ein del reiseverksemd.
Kontaktinformasjon:
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Positiv særbehandling:
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, «hol» i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalle minst ein søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Me oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, «hol» i CV-en, eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i årsrapportane.
Tiltredelse | Stillingstype | |
---|---|---|
Etter avtale | Fast ansettelse, Heltid | |
Arbeidssted | Yrker | Fagområder |
Oslo | Kommunikasjonsrådgiver / PR-rådgiver | Ikke oppgitt |
Arbeidserfaring | Utdanningsnivå | Bransjer |
Se annonsen | Se annonsen | Ikke oppgitt |
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.
Du kan legge til et personlig notat (kun synlig for deg)
Vi sender deg stillinger som dette automatisk (basert på Yrke(r), Fagområde og Sted i annonsen)