<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Stipendiat i informatikk: Visuell datavitskap for å meistre komplekse simuleringsensemble Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat i informatikk: Visuell datavitskap for å meistre komplekse simuleringsensemble

Ved er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år.

Stillinga er knytt til prosjektet «Visual Data Science to Master Complex Simulation Ensembles», som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Stuttgart i Tyskland. Den planlagde forskinga vil bli gjort i samanheng med , UiBs senter for Data Science.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning, tverrfagleg samarbeid innan Data Science, maskinlæring og kunstig intelligens.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere ved (1) UiB sitt senter for datavitskap (data science), CEDAS, (2) dei involverte forskingsgruppene innan visualisering og maskinlæring, og dessutan (3) samarbeid mellom UiB og Universitetet i Stuttgart. Samarbeidet med UiB sitt institutt for geofag er òg viktig for denne stillinga. Ph.d.-prosjektet er leia av Prof. H. Hauser (visuell datavitskap) og bi-leia av førsteamanuensis N. Blaser (maskinlæring) og dessutan Professor Th. Spengler (meteorologi). Professor Th. Ertl og M. Sedlmair frå Universitetet i Stuttgart er òg involvert i den planlagde forskinga. Prosjektet går i korte trekk ut på følgjande:

For å forstå ibuande uvisser i vêrpredikasjon, er det vanleg å konsultere stokastisk forstyrra simuleringsensemble med svært detaljerte ensemblemedlemmer. Å trekke ut relevante konklusjonar frå slike ensemble er svært utfordrande og avheng av ein vellykka kondensering av dataa. Spesielt når ein tar sikte på ei tolking av eit heilt ensemble når det gjeld domenerelevante trekk, som syklonar, frontar, regn osb., er oppsummering svært vanskeleg og berre mogleg på grunnlag av ekspertkunnskap. Vi føreser at nye visuelle dataviteskapelege metodar frå dette prosjektet i betydeleg grad vil støtta studiet av slike rike ensemble

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må dokumentere utdanninga si innan visualisering, visuell datavitskap, visuell databehandling eller eit nært nærskyldt felt.
  • Utdanning i / erfaring med maskinlæring, topologisk dataanalyse og/eller meteorologi er ein føremon.
  • Ei solid matematisk utdanning (lineær algebra, kalkulus, etc., som del av grunnutdanninga) er eit krav og må dokumenterast i søknaden. Søkjarar må beskrive sitt kunnskapsnivå innan matematikk og tekniske emne.
  • Solid kunnskap og betydeleg erfaring med programmering er eit krav og må dokumenterast i søknaden. Eventuelle spesielle kunnskapar og/eller erfaringar med omsyn til datavitskap (data science) bør forklarast.
  • Søkjarar må forklare motivasjonen sin for å søke i følgjebrevet, også eksplisitt forhalda seg til prosjektkonteksten for denne stillinga (sjå ovanfor).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Kunnskapar i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er ein føremon.
  • Sterke personlege og relasjonelle eigenskapar er velkomne. Ambisjon og potensial tel òg ved vurdering av søknader.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, relatert eksplisitt til prosjektkonteksten for denne stillinga (sjå ovanfor).
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter/vitnemål som viser fullført bachelor- og mastergrad (eller tilsvarande utdanning). Dersom mastergrada enno ikkje er fullført 100 %, må det leverast ei stadfesting frå vertsinstitusjonen som bekreftar at masteroppgåva er levert.
  • relevante sertifikat/referansar/anbefalingsbrev, viss tilgjengeleg
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. )
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • SEP 28
    2022
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • SEP 29
    2022
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • SEP 30
    2022
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • OKT 01
    2022
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • OKT 02
    2022
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • OKT 03
    2022
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
63 ledige stillinger

Se flere annonser

Bli med å forme morgendagens helsetjeneste i et fremtidsrettet selskap med et viktig samfunnsoppdrag
26.08.2022 Oslo
Har du markedsføringsteft, kunnskap om sosiale medier og har lyst til å bruke din kreativitet og estetiske sans til å
22.09.2022 Oslo
Vil du lede Norges største private helsesatsing i årene som kommer? Aleris satser ekspansivt og bygger nå nye sykehus i
15.09.2022 Flere steder
Om stillingenHvis du drømmer om en jobb hvor ingen dager er like, hvor du kan være med å dyrke dine
15.09.2022 Ås
Bli med å forme morgendagens helsetjeneste i et fremtidsrettet selskap med et viktig samfunnsoppdrag
14.09.2022 Drammen
Vil du bidra til en bedre helsetjeneste for den enkelte pasient og for samfunnet?
31.08.2022 Flere steder
Vil du være et sted der ditt håndverk teller?
06.09.2022 Flere steder
Vil du være et sted der ditt håndverk teller?
06.09.2022 Tønsberg
Vis alle 25.179 ledige stillinger

Bli kjent med oss

Fakta om Universitetet i Bergen