Midt i Sunnfjord kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum og Øyrane som er plassert i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 160 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Service, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrifag og Naturbruk. I tillegg har skulen undervisning ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar. For meir informasjon gå til skulen si heimeside http://www.moy.vgs.no/
Vi har ledig 100% Undervisningsstilling innan Elektro og datateknologi
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i praksis og teori på elektro og datateknologi innan automasjon
- Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga
- oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar
- Det skal leggast til rette for at elevane i dei ulike klassetrinna kan bestå faget med best mogleg resultat etter sine føresetnader. Undervisninga skal tilpassast den enkelte elev ut frå sitt meistringsnivå
- Det må leggast opptil samarbeid med dei andre lærarane som underviser i klassane
- Stillinga kan innehalde kursverksemd for dataelektronikarar/IKT
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan elektrofag/automasjon
- Høgare utdanning innan elektrofag (Bachleor eller tilsvarande) med fokus på automasjon
- Datateknisk kompetanse
- Praktisk erfaring og utdanning innan fleire felt i elektrofaga
- Gode tekniske og faglege ferdigheiter
- kunne beherske IT og relevant programvare
- Pedagogisk utdanning (PPU eller yrkesfaglærarutdanning) for fast tilsetjing
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Fagleg pedagogisk oppdatert
- Evne til å setje seg klart definerte mål for undervisninga
- Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
- Evne til å samarbeide og dele
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande regulativ - Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår - Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar - Gode pensjons- og forsikringsvilkår - 6 månaders prøvetid
Den som blir tilsett må legge fram godkjent politiattest jfr. opplæringslova §10-9
Spørsmål om stillinga kan rettast til : avdelingsleiar Reidun Kristiansen tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via lenkje på sine nettsider under ledige stillingar. Vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju. Det vert teke atterhald om at overtallige ved andre skular kan ha rett til utlyst stiling.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. jf. hovudavtalen del , §3-1c og d
Kontaktinformasjon
Reidun Kristiansen, avdelingsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Øyravegen 1
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon51Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.08.2022Sluttdato: 30.06.2022Søknadsfrist: 22.05.2022