<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør) Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Prosjektleiar bygg – tidlegfase og gjennomføring

Universitetet i Bergen er med sine 18 000 studentar og vel 4000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.
Vi inviterer deg til vår Eigedomsavdeling og viser deg vårt ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse – sjå under generell informasjon. Vår bygningsmasse omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 589 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 264 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Prosjekt har det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt. I tillegg ansvar for Arealforvaltning og Interiør. Seksjonen har i dag 24 stillingar.Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)
Ved Eigedomsavdelinga, Prosjekt er det ledig ei fast 100 % stilling som prosjektleiar. Vi søkjer etter ein dyktig, erfaren og engasjert prosjektleiar. Som byggherrerepresentant vil prosjektleiar få ansvar for planlegging og gjennomføring av tverrfaglege nybygg-, ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfang og kompleksitet.
Prosjektleiar bygg – tidlegfase og gjennomføring
Bli med å skape framtidas eigedomsavdeling ved UiB.
Eigedomsavdelinga ved UiB søkjer prosjektleiar til eit av dei mest spennande fagmiljøa i Bergen. Vi søkjer ein dyktig og motivert prosjektleiar for å hjelpe oss med å skape det beste mogelege lærings- og forskingsmiljø for våre studentar og forskarar. Universitetet har eit mangfald av fakultet, institutt og museer. Behovsavklaringar med brukarane og brei involvering er viktig for å lykkast med framtidsretta løysingar i vår komplekse verksamheit.Med ansvar for omlag 95 bygningar, frå byvillaer til idrettsanlegg og avanserte laboratoriebygg, tør vi påstå at vi er Bergens mest spennande arbeidsplass for deg med interesse for bygg. Hjå oss vil du jobbe med flinke kollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet. Du er framtidsretta, ser moglegheiter i bruk av digitale løysingar og har gjerne kjennskap til VDC metode og LEAN-filosofi.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til seksjonsleiar Prosjekt og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

  • Leie prosessar i tidlegfase (idefase, behov, mål og krav, moglegheitsstudiar, alternativanalysar og konseptval) i nært samarbeid med arealforvaltarane våre.
  • Gjennomføre ulike prosjekt, både nybygg, rehabilitering og tekniske.
  • Ivareta UiB sitt ambisiøse mål om å være klimanøytral i 2030.
  • Gjennomføre innkjøp i samsvar med lov om offentleg anskaffing saman med vår innkjøpsavdeling.
  • Regelmessig rapportering på portefølje i ISY prosjektøkonomi.
  • Utvikle best praksis gjennom god samhandling i prosjektseksjon og på tvers i Eigedomsavdelinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • For å å bli tilsett i stilling som senioringeniør, krevast mastergrad. For å bli tilsett i stilling som overingeniør krevast min. bachelorgrad. Lang dokumentert relevant erfaring kombinert ved etter og vidareutdanning kan likevel kompensere for manglende formell utdanning. 
  • Erfaring som prosjektleiar i byggjeprosjekt, samt erfaring med arbeid i tidlegfase.
  • Kompetanse og erfaring innan prosjektstyring og kontraktstyring.
  • God økonomiforståing.
  • Gode kommunikasjonsevner og flytande norskspråkleg både munnleg og skriftleg.

Vi ser det som et føremon at søkjar har:

  • Kompetanse innan området universell utforming av bygningar
  • Kjennskap til offentleg regelverk.
  • Framdriftsplanlegging.
  • Kompetanse innan digitale verktøy, VDC og LEAN.
  • God forståing for viktigheita av å lykkast med systematisk ferdigstilling.
  • Ynskeleg med erfaring innanfor verna bygg.
  • Spennande om du har erfaring frå entreprenør.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person som:

  • Evner å sjå oppgåver i ein større samanheng.
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Viser god gjennomførings- og beslutnings-evne.
  • Har driv til å utvikle deg gjennom varierte oppdrag saman med kollega.
  • Ser digitale løysingar som moglegheit.

Vi tilbyr:
  • Eit ope og triveleg fagmiljø
  • Målretta arbeid for UiB med sine om lag 4000 tilsette og 19000 studentar
  • Stort spekter av prosjekt rett utanfor kontoret, midt i Bergen.
  • Heilskapleg læring i vår eigedomsavdeling; vi investera, driftar, held ved like og avhender.
  • Prosjekt med utspring i bygningar som til ein kvar tid skal bidra til framifrå forsking, utdanning, formidling og innovasjon.
  • Vidareutvikling tilpassa dine ynskje og våre behov.
  • Tilsetting i stilling som prosjektleiar (kode 1087 overingeniør eller senioringeniør kode 1181) i lønssteg 70 - 80 (for tida kr 650 300 – 825 900 brutto) i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgre lønn.
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling.
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode  som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:seksjonssjef Sissel Smørdal, mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Vil du bli betre kjent med oss - ta kontakt for omvising.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen .





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • JUL 01
    2022
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUL 03
    2022
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • JUL 06
    2022
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • JUL 07
    2022
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Flere muligheter
74 ledige stillinger

Se flere annonser

Stendi startet sin utrykningstjeneste i februar 2018, og har allerede ansvar for nærmere 3000 brukere av trygghetsalarm. Nå skal vi
01.07.2022 Flere steder
Verdikjeden til Osland går i kretsløp frå rogn til regnbogeaure ut til marknaden. Vår aktivitet skapes av våre tilsette, men
28.06.2022
Vil du bli ein del av eit industrieventyr i Tizir Titanium & Iron AS i Tyssedal? Med spennande fagområder kan du bli
27.06.2022 Ullensvang
Har du interesse for bærekraftig mat og havbruk, og ønsker en spennende og variert start på karrieren?
27.06.2022 Høyanger
TL;DR: Kom og jobb som utvikler i et verdensledende skyselskap!Ønsker du å jobbe for et verdensledende IT-selskap med et konsept du
23.11.2021 Oslo
Hvem ser vi etter? Vi søker konsulenter som trigges av å skape varige verdier for kunden. Realisering av gevinster er
24.11.2021 Bergen
Vi trenger deg som er nysgjerrig og som liker å jobbe i team. AF Gruppen er et ledende entreprenør- og
21.01.2022 Hele Norge
Vi er en av Norges ledende utleiere av byggekraner og har over 70-års erfaring som importør av Liebherr tårnkraner. Vi
28.02.2022 Lillestrøm
Vis alle 25.710 ledige stillinger

Bli kjent med oss

Fakta om Universitetet i Bergen