Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som elektroingeniør til laboratoriet ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Institutt for energi- og petroleumsteknologi.
Den som blir tilsett skal bidra med god og relevant rettleiing både for studentar og tilsette og sørga for at laboratoria blir drifta på ein god og forsvarleg måte. Arbeidsoppgåvene er særs varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Vi ønsker ein nysgjerrig person som følgjer med i fagområdet og som ønsker videreutvikling både for seg sjølv og aktiviteten vår.
Hovudoppgåver
- installasjon, drift og vedlikehald av måleteknisk og anna elektronisk utstyr
- skiping av kommunikasjon mellom ulike typar utstyr og system
- utvikling, modifisering, bygging og programmering av utstyr og system til undervisning og forsking
- vareta helse, miljø, trygging og kvalitet (HMS-K)
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning på minimum bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring, ønskeleg med erfaring i programmering i Labview
- erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, effektiv og strukturert
- er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1087, kr 540 000 - 640 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- på våre nettsider
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til laboratorieleder Hilde Jonsbråten, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post:Logg inn for å se kontaktinformasjon
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Margot A.Treen, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf . Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.