<  
>  
Stillingsannonse

Rektor Fyllingsdalen vidaregåande skule VESTLAND FYLKESKOMMUNE

Søknadsfrist : 14.08.2022

Stillingsbeskrivelse

Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle ein framtidsretta vidaregåande skule i Fyllingsdalen i Bergen?

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Fyllingsdalen vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetting at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass.Fyllingsdalen vidaregåande skule tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram, påbygg til generell studiekompetanse, undervisning for tilrettelagte grupper, helse - og oppvekst fag, og er ein av to skular i Vestland fylkeskommune som tilbyr programfag i drama innan utdanningsprogram for musikk, dans og drama. Frå hausten 2022 vil skulen i tillegg gi eit 3-årig kombinasjonstilbod innan helse- og oppvekstfag som gir generell studiekompetanse. Skulen vil også frå hausten utvide tilbodet programfag toppidrett til å vera både i fotball og handball i samarbeid med lokale idrettslag. Skulen har omlag 100 tilsette, rundt 580 elevar og brenn for eit varmt og inkluderande skulemiljø for alle. Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. 

Ansvarsområde for stillinga:

  • Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
  • Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
  • Leie strategi- og utviklingsprosessar
  • Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
  • Personalleiing
  • Ivareta medverknad mot næringsliv, idrettslag og lokalmiljø
  • Økonomistyring

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.

Kompetent, open og modig er dei grunnleggjande verdiane i Vestland fylkeskommune, og desse skal vere grunnlaget for all leiing.

Vi søkjer deg som:

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
  • syner god relasjonell kompetanse i møte med elevar, tilsette og samarbeidspartar
  • har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • har god kjennskap og erfaring frå vidaregåande opplæring
  • har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar 
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
  • har evne til å forstå og leie eit interkulturelt skolemiljø
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i bydelen og arbeider  forpliktande saman med arbeidsliv, idrettslag og lokalmiljø
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse. Andre opplysningar
    Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.

Stillinga har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For fleire opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med områdeleiar Odd Bjarne Berdal, Logg inn for å se kontaktinformasjon, mob. Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Kontaktinformasjon

Odd Bjarne Hammersvik Berdal, regionleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Kong Oscars gate 36
5017 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon62Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 14.08.2022



Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 14.08.2022

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • AUG 14
    2022
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
1 ledig stilling

Se flere annonser

Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
08.08.2022 Bodø
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
08.08.2022 Tromsø
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak? Aleris Majorstuen består av en kirurgisk avdeling og et medisinsk
05.08.2022 Oslo
JR søker flere dyktige medarbeidere til kommende prosjekter. Vi søker etter personer som: Fokuserer på sikkerhet Er kvalitetsbevisste Har pågangsmot
03.04.2020 Hele Norge
Vi kan vise til meget gode resultater og systemer innen HMS-området. Våre ansatte trives på jobb og er våre viktigste
24.06.2022 Oslo
Vi kan vise til meget gode resultater og systemer innen HMS-området. Våre ansatte trives på jobb og er våre viktigste
24.06.2022 Oslo
Automation, Robotics and Cybernetics are important for safe control, monitoring of facilities, and for efficient operations and production in Equinor.
01.08.2022 Flere steder
Would you like to kickstart your career in a place where you can impact society, for good?
04.08.2022 Flere steder
Vis alle 29.933 ledige stillinger

Bli kjent med oss

Fakta om VESTLAND FYLKESKOMMUNE