<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Oppmålings- og geodataingeniør Plan og byggesak, Kvam herad

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Vil du bli vår nye geodata/landmålar kollega på eining for plan- og byggesak? Eininga består av engasjerte medarbeidarar med ulik fagbakgrunn. Eininga har ansvar for overordna arealplanar, områdeplanar, reguleringsplanar, byggesak og geodata.

Me søker etter ein som er glad i å vere ute i natur med måleutstyr og ivrar for kart og GIS-analyser. Me leitar etter deg som vil vera med å heva kvaliteten på matrikkelen og laga underlag for prosjekt/planar, har gode samarbeidsevne, kan jobbe tverrfagleg, har god forståing for detaljar, samtidig som du har evne til å ha ei god og samla oversikt. Du er kreativ, strukturert, nøyaktig og profesjonell.


Arbeidsoppgåver

  • Følgje ei oppmålingssak frå mottak til arkivering
  • Gjennomføre oppmålingsforretningar etter matrikkellova, med kjennskap til eigarseksjonslova og plan- og bygningslova
  • Sakshandsama etter matrikkellova, matrikkelføring og matrikkelforbetring
  • GIS- og kartforvaltning med vedlikehald av kartbaser og innmåling av relevante data.
  • GIS-analyser som underlag for mellom anna offentlege arealplanar

Kvalifikasjonar

  • Bachelor eller master innan geomatikk/landmålingsfag/eigedomsfag
  • Kjennskap til bruk og anvending av oppmålingsutstyr som eigedomslandmålar
  • Samla kompetanse som oppfyller krava for utstedelse av landmålarbrev i samsvar med den nye autorisasjonsordninga for eigedomslandmålarar er ønskjeleg
  • Godkjent matrikkelførarkurs, eller vera villig til å gjennomføra dette for å verta godkjend matrikkelførar
  • Kunnskap om matrikkellova, plan- og bygningslova og andre relevante lover og standardar
  • Gode IKT-kunnskaper og god forståing for system innan GIS og oppmåling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk/nynorsk
  • Førarkort klasse B er naudsynt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, serviceinnstilt og effektiv, ryddig og omgjengeleg og trivst i dialog med andre menneske
  • Har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og ser løysingar.
  • Arbeide sjølstendig og i tillegg kunne arbeida godt i eit team
  • Du er kreativ, strukturert, nøyaktig og profesjonell.
  • har fokus på systematisk arbeid med kontinuerleg utvikling av tenesta
  • Interesse og kunnskap om å utføre praktisk oppmålingsarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der me jobbar godt saman for å utvikla kvarandre og tenestene
  • Høve til personleg og fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjonDen kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

Kontaktinformasjon

Heidi Ørjansen, Einingsleiar plan og byggesak, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad


 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Kvam heradReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon28Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 14.08.2022



Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Les mer om Plan og byggesak, Kvam herad

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vil du lede Norges største private helsesatsing i årene som kommer? Aleris satser ekspansivt og bygger nå nye sykehus i
15.09.2022 Flere steder
Är du nyutexaminerad och vill arbeta i skärningspunkten mellan IT och affärsverksamhet?
28.09.2022 Flere steder
Er du nyutdannet og brenner for både teknologi og business?
28.09.2022 Oslo
Ønsker du et Summer Internship i et teknologiselskap i sterk vekst?
28.09.2022 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
28.09.2022 Oslo
Bli med å forme morgendagens helsetjeneste i et fremtidsrettet selskap med et viktig samfunnsoppdrag
26.08.2022 Oslo
Har du markedsføringsteft, kunnskap om sosiale medier og har lyst til å bruke din kreativitet og estetiske sans til å
22.09.2022 Oslo
Vil du være et sted der ditt håndverk teller?
06.09.2022 Flere steder
Vis alle 23.017 ledige stillinger

Fakta om Plan og byggesak, Kvam herad