<  
>  
Stillingsannonse

Intensivsjukepleiar Kirurgisk serviceklinikk

Søknadsfrist : 14.08.2022

Stillingsbeskrivelse

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus.

KK/Auge- seksjonen er ein dynamisk og spennande arbeidsplass kor ein overvakar og behandlar ca 3500 pasientar årleg. KK/Auge seksjonen gir tenester til Kvinneklinikken og Augeklinikken.Avdelinga har tre postoperative einingar; postoperativ eining på KK, postoperativ eining på Augeavdelinga og dagkirurgisk eining på KK. På postoperativ eining på KK overvakar vi pasientar etter obstetrisk og gynekologisk kirurgi. Vi tar og imot pasientar som har behov for overvaking. Ved postoperativ eining på Augeavdelinga  overvaker vi barn og vaksne etter augekirurgi. På KK, dagirurgisk eining, følger vi pasienten gjennom det pre- og postoperative forløpet. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. I 2023 skal vi flytte inn i Glasblokkene, og avdelinga er såleis inne i ei svært spennande tid med fokus på utvikling og førebuing til flyttinga.  Har du lyst på ein jobb som gjev deg faglege utfordringar, varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer?Vi søkjer dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar til teamet vårt.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for overvaking, pre- og postoperativ sjukepleie til pasientar på KK og Augeavdelinga
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald i avdelinga
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande
  • Inngå i vaktordning i tredelt turnus.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan intensiv
  • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt.

Personlege eigenskapar

  • Du set pasienten i sentrum
  • Du er fagleg engasjert, strukturert og nøyaktig
  • Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo.
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass der ein ser og oppmuntrar kvarandre, med engasjerte, stolte og fleksible medarbeidarar
  • Vi arbeider saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet
  • Døgnet rundt kjem det pasientar til avdelingen som treng din kompetanse
  • Vi legg til rette gode opplæringsvilkår for nytilsette og fagleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Kontaktinformasjon

Marie Terkelsen, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse BergenReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon44Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.09.2022Søknadsfrist: 14.08.2022



Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Les mer om Kirurgisk serviceklinikk

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 14.08.2022

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • AUG 14
    2022
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Intensivsykepleier søker jobbmuligheter offshore
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Bli med å forme morgendagens helsetjeneste i et fremtidsrettet selskap med et viktig samfunnsoppdrag. Som business controller blir du en
02.08.2022 Stavanger
Er du en av de som ikke alltid følger flokken?
11.08.2022 Flere steder
Vi søker dyktig og engasjert hands-on innkjøpsansvarlig til vårt hovedkontor, lokalisert sentralt på Frogner i Oslo. Som ansvarlig for innkjøp
11.08.2022 Oslo
Ja takk, begge deler, sa Ole Brumm. Vi digger det og føler det akkurat på samme måte: Vi vil være
11.08.2022 Bergen
Ja takk, begge deler, sa Ole Brumm. Vi digger det og føler det akkurat på samme måte: Vi vil være
11.08.2022 Trondheim
Ja takk, begge deler, sa Ole Brumm. Vi digger det og føler det akkurat på samme måte: Vi vil være
11.08.2022 Stavanger
Ja takk, begge deler, sa Ole Brumm. Vi digger det og føler det akkurat på samme måte: Vi vil være
11.08.2022 Kristiansand
Ja takk, begge deler, sa Ole Brumm. Vi digger det og føler det akkurat på samme måte: Vi vil være
11.08.2022 Oslo
Vis alle 29.069 ledige stillinger

Bli kjent med oss

Fakta om Kirurgisk serviceklinikk