B
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Bup Åsane
Registrer deg i CV-database
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet.
Budsjettet vårt er på omlag 8,6 milliardar kroner. Vi har dessutan ei rekke kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi ønskjer derfor å knytte til oss dei beste fagfolka. Vi vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Vår visjon er å fremme helse og livskvalitet i vest. Verdiane våre er: * Respekt i møte med pasienten * Kvalitet i prosess og resultat * Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetting når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.

For stillingar der det stilles krav til tilfredsstillande politiattest, jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven, blir tilsetting gitt under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillande politiattest. Interessert i å vite meir om oss? Besøk oss påwww.helse-bergen.no
Psykologspesialist (Ref.nr: 1588838103)
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen
Psykologspesialist - Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Åsane

Ved BUP Åsane er det ledig fast stilling for psykologspesialist. BUP Åsane er lokalisert i Åsane og er ein seksjon innan Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. Klinikk psykisk helsevern for barn og unge er organisert i to avdelingar: Avdeling for sjukehustenester og Avdeling for poliklinikkar.

BUP Åsane gjev tilbod til barn og unge opp til 18 år med psykiske lidingar og foreldra deira. Det er omlag 15 000 barn i opptaksområde og poliklinikken har ca 30 tilsette. Poliklinikken dekkjer Åsane og Arna bydel og Osterøy kommune. BUP Åsane har ei tilsettgruppe med høg spesialkompetanse og erfaring.

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram merknadsfri politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidssted:
  • Helse Bergen, Åsane

Diverse:
  • Stillingsbrøk: 100%
  • Fast
  • Tal på stillingar: 1
  • Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 01.01.2013

Kontaktperson(er):
Seksjonsleiar Ingvild Brunborg Morton, tlf. 55 97 74 00,ingvild.morton@helse-bergen.no

For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]




Adresse: 5021 BERGEN



Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/214090
Søknadsfrist : 14.11.2012

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Fast ansettelse, Heltid Bergen