Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.
Arbeidsoppgåver
Vi treng 100% stilling som lærar innan realfag.
Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning. Stillingane vil vera retta mot undervisning på studiespesialiserande programområde og yrkesfag.
Kvalifikasjonar
Høgskule eller universitetsutdanning i realfag.
PPU eller anna godkjend undervisningskompetanse.Gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss medarbeidarar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.
Vi ser etter personar som:
Er gode på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere.Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfelleskapet.Arbeider sjølvstendig.Er kreativ og løysningsorientert.
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings - og pensjonsordningar.Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Kari Silden Sølvberg, avdelingsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon64Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.11.2022Sluttdato: 30.09.2023Søknadsfrist: 30.09.2022