<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Lærarstilling skuleåret 2022/2023 Vartdal skule

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ved Vartdal skule er det ledig eit vikariat som lærar frå dags dato og fram til 17.02.23, med moglegheiter for lenging.

Vartdal skule er ein 1-10 skule med omlag 100 elevar og 19 tilsette. Skulen er ein av i alt sju kommunale skular i Ørsta kommune, og er organisatorisk plassert i kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.


Arbeidsoppgåver

I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre undervisninga og ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og elevane si fysiske og psykiske helse. Vi vektlegg såleis relasjonskompetanse, evne til å sjå heile eleven og å skape eit inkluderande og trygt læringsmiljø. Alle lærarar deltek i nettverksarbeid på eigen skule og mellom skulane i kommunen.

Arbeidsoppgåver vil vere undervisning og anna elevretta arbeid. Til dei fleste lærarstillingane ligg det også kontaktlæraroppgåver.

Kvalifikasjonar

Ørsta kommune sine verdiar er uttrykt med omgrepa tillit, energi, løysingsvilje og utvikling. Den som vert tilsett i Ørstaskulen, må ha god relasjonskompetanse, vere godt personleg eigna og evne å byggje positive relasjonar med barn og unge. Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis. I Ørsta kommune ser vi kompetanse som dei samla kunnskapane, ferdigheitene, evnene og haldningane som gjer oss i stand til å utføre aktuelle oppgåver i tråd med definerte krav og mål.

Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar.Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar. Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilde fagbehov verte vurderte.  

Ønskte faglege kvalifikasjonar: 60 studiepoeng  i norsk og engelsk, samt 30 studiepoeng i samfunnsfag.

Vi vektlegg også at lærarar har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og å bruke pedagogisk programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty.Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform. Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at alle som har norsk, engelsk og/eller matematikk i fagkrinsen sin skal få høve til å jobbe i heile stillingar. Vi ber deg oppgi kva fag du har fordjuping i. Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju. 

Den som vert tilsett, må kunne leggje fram gyldig politiattest etter opplæringslova § 10-9.  

Personlege eigenskapar

Stillinga er plassert i HTA kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.  
Prøvetid i faste stillingar er 6 månader

Vi tilbyr

Kommunen har gode pensjonsordningar i for undervisningspersonalet og gode forsikringsordningar i  for alle tilsette i Ørsta kommune.

Dokumentasjon Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Eirik Bech, rektor, Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad


6170 Vartdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Ørsta kommuneReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon60Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 05.12.2022Sluttdato: 16.02.2023Søknadsfrist: 04.12.2022

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
. Les mer om Vartdal skule

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Microsoft University er et traineeprogram for Microsoft University sine partnere og kunder.
11.10.2022 Flere steder
AF Gruppen søker Arbeidsleder Elektro til å lede og følge opp de midlertidige elektriske anleggene samt montørene på våre anleggsprosjekter.Vi
06.12.2022
Vil du bidra til en bedre helsetjeneste for den enkelte pasient og for samfunnet?
02.12.2022 Oslo
Nyutdannet og på jakt etter en spennende start på karrieren? Nå har du muligheten til å bli trainee i en
28.11.2022 Flere steder
I AF Gruppen jobber vi hver dag med å løse noen av vår tids viktigste samfunnsutfordringer. Vi deltar aktivt på
28.11.2022 Oslo
Endelig er søknadsportalen for Microsoft University for 2023 åpen!På vegne av Microsoft søker Glasspaper People etter deg som ønsker å
28.11.2022 Oslo
Endelig er søknadsprotalen for Microsoft University for 2023 åpen!På vegne av Microsoft søker Glasspaper People etter deg som ønsker å
28.11.2022 Oslo
Endelig er søknadsportalen for Microsoft University for 2023 åpen!På vegne av Microsoft søker Glasspaper People etter deg som ønsker å
28.11.2022 Oslo
Vis alle 27.219 ledige stillinger

Bli kjent med oss

Fakta om Vartdal skule