<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid  

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig stilling som stipendiat (100 %) innan fagområde utøvande og skapande musikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.  


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for kunstnarleg utviklingsarbeid av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det stilles store krav til kunstnarleg innsikt og kompetanse, i samsvar med god akademisk skikk og etiske standardar. Prosjektet må høyre inn under fagområdet utøvande og skapande musikk. Ved Griegakademiet famnar dette fagområdet ulike musikalske sjangrar.  Instituttet har studietilbod på BA- og MA-nivå innan klassisk, jazz, tradisjonsmusikk og komposisjon. Prosjektet bør ha ein tydeleg utøvande profil, men kan gjerne gå på tvers av sjangrar og utforske spelerommet mellom utøvande og skapande praksisar. For den strategiske utviklinga på instituttet er vi  særleg interessert i prosjekt som kan bidra til å utvikle innovative og forskjellegarta metodar for kunstnarleg/musikalsk refleksjon, og som kan vere med å fornya undervisningsformer innan fagområdet utøvande og skapande musikk.  

Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga ved ph.d. programmet, samt kunstnarleg verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarleg utviklingsarbeid ved institutta og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå: .  

Prosjektskildringa:  

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Vi oppmodar søkjarar å ta kontakt med ein aktuell rettleiar i fagmiljøet for å avklare relevans for forskingsmiljø og moglegheit for rettleiing. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha mastergrad i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist. 
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nivå
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner 
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 


For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. 

Om forskarutdanninga: som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen. 

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk vil kandidaten og få tilbod om å bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. 

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og kan strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år. 

Fakultetet vil normalt stille krav om residensplikt. 


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
Søknaden skal innehalde:
  • Prosjektskildring på maksimalt 3000 ord 
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd i form av lyd- og/eller videoopptak 
  • Dokumentasjon av formell fagleg kompetanse, inkl. karakterutskrifter 
  • Tidsplan 
  • Budsjett () 
  • Forslag til rettleiar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge. Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAR 26
    2023
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAR 27
    2023
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAR 28
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAR 29
    2023
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAR 31
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 01
    2023
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter
59 ledige stillinger

Se flere annonser

Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi er
27.02.2023 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
02.03.2023 Drammen
Complér Accounting er et frittstående regnskaps-, økonomi- og rådgivningsselskap med base i Bergen. Selskapet ble etablert i 2008.Vi har en
17.03.2023 Bergen
I AF Gruppen har rollen som HMS-leder spilt en svært viktig rolle i utviklingen av HMS-området siden tidlig 90-tallet. Våre
15.03.2023 Oslo
Vitenparken søker flere nye ansatte som kan forsterke vår stab av Vitenverter (deltidsansatte/tilkalling). Vitenparkens Vitenverter bidrar i å gjøre Vitenparken til en sprudlende og leken
14.03.2023 Ås
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør
14.03.2023 Bergen
Vis alle 38.190 ledige stillinger

Bli kjent med oss

Fakta om Universitetet i Bergen