<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

100% faste stillingar som jordmor med oppstart frå sommaren 2023 ved Voss sjukehus Voss sjukehus føde-/barselavdeling, Helse Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ønskjer du fast jobb som jordmor på vakre Voss?    Vi ønskjer fleire supre og arbeidsglade medarbeidarar med på laget vårt.
Vi kan tilby deg 100% fast stilling. Oppstart i stillinga vil vere frå sommaren etter nærare avtale. Du må kunne arbeide 5 veker eller meir i vekene 25-33, ta gjerne med i søknaden kva veker du kan jobbe.  

Vi tek kontakt fortløpande etter kvart som søknadene kjem inn, så send ein søknad allereie i dag!

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.Føde- og barselavdelinga har 10 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg rundt 450 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan gå føre seg så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ønskje og behov, også epiduralbedøving. Planlagd og akutt keisarsnitt blir gjort i dei høve der det er nødvendig.Ved behov for spesiell oppfølging og behandling i graviditeten og/eller under fødsel, viser vi vidare til Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. T.d. blir tvillingar og diabetikarar forløyst ved KKB i Bergen.OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner
  • Rettleiing av "nybakte foreldre"
  • Rettleiing av jordmorstudentar/sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
  • Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø og kompetente medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Interne fagdagar
  • Rotasjonsstilling til kvinneklikken i Bergen



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hege Aldal Indrebø, Avdelingsjordmor, Logg inn for å se kontaktinformasjon/ Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse BergenReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon10Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 28.02.2023


Logg inn for å se kontaktinformasjon/ Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Les mer om Voss sjukehus føde-/barselavdeling, Helse Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Techair AS er et scale-up selskap som holder til i Bergen. Selskapet har utviklet og opererer fjernstyrte løsninger for montasje
27.03.2023 Bergen
Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi er
27.02.2023 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
02.03.2023 Drammen
Complér Accounting er et frittstående regnskaps-, økonomi- og rådgivningsselskap med base i Bergen. Selskapet ble etablert i 2008.Vi har en
17.03.2023 Bergen
I AF Gruppen har rollen som HMS-leder spilt en svært viktig rolle i utviklingen av HMS-området siden tidlig 90-tallet. Våre
15.03.2023 Oslo
Vitenparken søker flere nye ansatte som kan forsterke vår stab av Vitenverter (deltidsansatte/tilkalling). Vitenparkens Vitenverter bidrar i å gjøre Vitenparken til en sprudlende og leken
14.03.2023 Ås
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Vis alle 40.861 ledige stillinger

Fakta om Voss sjukehus føde-/barselavdeling, Helse Bergen